Klimafotavtrykket vårt

Plakat for klimafotavtrykket vårt. Innhaldet i plakaten kan du lese i artikkelen. - Klikk for stort bilete

Dette er eitt av dei tre innsatsområda som er skissert i samfunnsplanen. Nedanfor kan du sjå utfordringsbilde som arbeidsgruppa for klimafotavtrykket vårt har peika på at dei skal arbeide med.

Utfordringsbilde

Korleis kan vi løyse utfordringar og gripe moglegheiter? Det veit vi ikkje endå, men vi vil gjere det i lag med deg!

Innbyggarane

Korleis kan innbyggarane halvere klimaavtrykket sitt?

Kommuneorganisasjonen

Korleis eliminere alle direkte utslepp og indirekte utslepp, og korleis kompensere for resterande utslepp?

Samskaping

Med kven, og korleis skal vi oppnå grøn innovasjon, omstilling og miljøvennleg forbruk og levesett?

Arealnøytralitet

Korleis stogge nedbygging av natur, kva bygg og areal kan gjenbrukast og kva område kan tilbakeførast til natur?

Klimarisiko

Kva risikoar må vi fokusere på for å redusere negative verknadar frå grøn omstilling og klimaendringar?

Energieffektivisering

Korleis skal vi omstille oss til lågare forbruk, meir effektiv energiforbruk og erstatte fossile energikjeldar med fornybare?