Berekraftig lokalsamfunnsutvikling

Plakat for berekraftig lokalsamfunn. Innhaldet i plakaten kan lesast i artikkelen. - Klikk for stort bilete

Dette er eitt av dei tre innsatsområda som er skissert i samfunnsplanen. Nedanfor kan du sjå utfordringsbilde som arbeidsgruppa for berekraftig lokalsamfunnsutvikling har peika på at dei skal arbeide med.  

Utfordringsbilde

Korleis kan vi løyse utfordringar og gripe moglegheiter? Det veit vi ikkje endå, men vi vil gjere det i lag med deg!

Eldrebølgja

Forstå kva det er og kva det betyr for oss. 

Lokalsamfunn

Drøfte og komme fram til kva eit berekraftig lokalsamfunn er.

Endring

Samfunnet består av både endringsvilje og endringsmotstand. Korleis skal vi handtere dette på ein god måte?

Økonomi

Bygge forståing for økonomisk berekraft av tiltak eller mangel på tiltak. 

Arbeidskraft

Finne ut korleis konjunkturar, sesongvariasjonar og demografi påverkar tilgong til arbeidskraft. 

Samfunnsplanen

Korleis sikre det overordna strategiske perspektivet og samtidig avklare store økonomiplantiltak og investeringar?