Innbyggarmedverknad

På oppdrag frå Kinn kommune har Sentio Research i haust gjennomført ei undersøking om tilfredsheit med kommunen. Føremålet med undersøkinga er å kartlegge innbyggarane sine synspunkt på viktige utviklingstrekk i kommunen. Funna frå undersøkinga kan du lese i vedlegga nedst i artikkelen.

Undersøkinga vart gjennomført digitalt med invitasjon på SMS. Utvalet består av 623 personar frå Kinn kommune, som er i eit innbyggarpanel. Ved undersøkingas slutt hadde 457 personar svart. Dette gir ein svarprosent på 74 %. Intervjua vart gjennomført i perioden 18. oktober til 9. november 2023.

Oppsummering av hovudfunna

Kinn i framtida

Paneldeltakarane meiner det er svært viktig å prioritere differensierte bustadtilbod. Vidare er dei ueinige i at innbyggarane i større grad må ta eige ansvar for alderdom og bustad. Dei er noko ueinige i at det er riktig å samle skule- og barnehagetilbod, og noko meir delt i om det er riktig å samle tilbod i helse og omsorg.

Til- og fråflytting

Flest trur at gode barnehagar og skular, samt fast jobb, skal til for at unge flyttar til Kinn. Paneldeltakarane trur i hovudsak at karrieremoglegheiter er ei viktig årsak til at innbyggjarar flytter til Bergen, Oslo og Kinns nabokommunar. Betre breiband sjåast på som lite viktig, både med tanke på tilflytting og fråflytting. 

Bustad

Paneldeltakarane meiner det er ikkje er for stor risiko ved å kjøpe bustad i Kinn og dei synest ikkje det er god nok tilgang på utleige-bustader i kommunen. 44 % meiner kommunen ikkje har ein bustadmarknad som passer for tilflyttarar, og over halvparten av desse meiner at det er for få leilegheiter og alternative, mindre bueiningar.

Arbeid

Paneldeltakarane meiner dei kjenner nokså godt til kva type arbeidsplassar som finnes i kommunen. Omtrent 7 av 10 trur fleire jobbalternativ og konkurransedyktig løn er viktigast for dei som bur i Kinn, med tanke på arbeid og i dag og tida framover.

Natur

Paneldeltakarane er temmeleg ueinige i at det er behov for å byggje ned natur for å få fleire arbeidsplassar i kommunen, og dei er temmeleg einige i at å byggje ned natur gjer det mindre attraktivt å bu i kommunen.

Les heile undersøkinga i desse to dokumenta

Rapport frå panelundersøking gjennomført 19. oktober til 9. november (PDF, 557 kB)

Tallrapport frå panelundersøkinga (PDF, 4 MB)