Forskrift om folkevaldes rett til godtgjersle og velferdsgoder i Kinn kommune

14 Kommentarar til hjelpedokument

Til § 1:

Det er ikkje alltid nødvendig å angi forskrifta sitt formål. Dersom man veljer å ha ein formålsbestemming, må det vere fordi den tilfører noko meir enn det som allereie går fram av kommunelova sitt generelle formål. Det kan for eksempel vere aktuelt å peike på at reglane om folkevalde sin rett til godtgjersle skal bidra til å sikre brei deltaking i lokaldemokratiet gjennom økonomiske ordningar som gjer det mogleg for alle å delta, sjå NOU 2016: 4 Ny kommunelov pkt. 14.1.1. Ein slik formålsbestemming utdjupar kommunelova sitt generelle formål om å leggje til rette for eit sterkt og representativt lokaldemokrati. Det er ikkje ønskeleg med ein formålsbestemming som seier at angjev at forskrifta gjev reglar etter kommunelova kapittel 8. Det er det heimelen som opplyser om.

Til § 2:

Det er ikkje nødvendig å angje forskrifta sitt verkeområde. Også ein verkeområdebestemming må tilføre noko som elles ikkje følgjer av andre regulatoriske element. Slike element kan særleg vere kommunelova, forskrifta si overskrift eller retts- og pliktreglane. Den mest direkte og beste måten å regulere rettar og plikter på, er å angje
subjekta direkte i rett- og pliktbestemmingane, slik som foreslått i dette hjelpedokumentet.

Til § 3:

Det kan eventuelt stillast ytterlegere krav til dokumentasjon og leveringsform.

Til § 4:

Avhengig av kor omfattande reguleringa for kvar tapspost er, kan det alternativt vere høveleg å regulere utmålinga for kvar enkelt tapspost i eigne paragrafar. Det vil seie at det som no er første, andre og tredje ledd, blir utforma som tre forskjellige paragrafar. 

Kommunar og fylkeskommunar står fritt til sjølv å utforme satsane. Det er mogleg å bruke eksisterande satsar for tilsette i kommunen eller Statens reiseavtalar som utgangspunkt. 

Typiske utgifter som det kan vere aktuelt å dekke etter § 4 tredje ledd, jf. § 3 første ledd bokstav c, er barnepass, ein avløysar, stell av sjuke, eldre e.l. Satsane kan vere ulike for desse utgiftstypane. Det kan vere hensiktsmessig å angje dei ulike satsane i ein tabell. Hugs då at det må utarbeidast ein innleiande tekst som seier noko om på kva måte satsane i tabellen inngår i rettsregelen, sjå for eksempel den innleiande teksten til tabellen i § 5. 

Merk at kommunelova § 8-3 tredje ledd siste punktum stiller krav om ulike satsar for høvevis dokumenterte og ikkje-dokumenterte tap.

Til § 5:

Satsane kan for eksempel skrivast i ein tabell, slik eksempelet viser. Det kan vurderast om det skal gjevast ein fast godtgjersle som står i forhold til vervets ansvars- og arbeidsbelastning, eller ei godtgjersle per møte. Dette kan vere ulikt avhengig av om den folkevalde er fast medlem av eit organ eller ikkje. 

Godtgjersla kan for eksempel settast ut frå den til ei kvar tid gjeldande godtgjeringa for ordføraren eller for stortingsrepresentantar, eventuelt i antal G. 

Det kan vere aktuelt å spesifisere at deltaking på seminar e.l. ikkje godtgjerast. Eventuelt kan dette regulerast slik at møtegodtgjersle berre ytast for møter der den som har tillitsvervet, har møteplikt.

Det kan også fastsettast reglar om reduksjon av godtgjersle, for eksempel ved ugyldig fråvær, og om auking i godtgjersla til varamedlemmer dersom dei deltek i eit visst tal møter.

Til § 6:

Det er valfritt å bestemme at folkevalde som vert frikjøpt, i staden skal motta ei fast godtgjersle. Det er også valfritt kva for nokre folkevalde som eventuelt vert frikjøpt. Dersom høvet vert nytta, må det visast til kommunelova § 8-5 i heimelen. 

Det kan vurderast om det er grunn til å regulere kva godtgjersla blir dersom varaordføraren fungerer som ordførar i ei angitt periode.

Bestemmingar som tilsvara andre og tredje ledd, kan også utformast for andre folkevalde som eventuelt vert frikjøpt. Dersom det er mange ulike grupper folkevalde som vert frikjøpt, er det grunn til å vurdere om satsane i staden skal plasserast i ein tabell. Dei ulike alternativa i tabellen må markerast med punktmarkering, gjerne a), b) osb., sjå § 5.

Til § 7:

Det er kommunen sjølv som må vurdere om vervet er den folkevalde sitt hovudarbeid. Dersom kommunen ser det som nødvendig å utdjupe kva som ligger i denne avgrensinga, er det grunn til å fastsette utdjupinga i forskrifta.

Merk at ettergodtgjersle ikkje kan gjevast utover alminneleg oppseingstid for fast tilsette, jf. kommunelova § 8-6 første ledd andre punktum.

Til § 8:

Kommunestyret og fylkestinget står fritt til å velje om dei vil opprette eller slutte seg til ei pensjonsordning for folkevalde. Dersom høvet vert nytta, må det visast til kommunelova § 8- 7 i heimelsangjevinga. 

Det følgjer av forskrift 22. april 1997 nr. 375 om pensjon for folkevalde i kommune eller fylkeskommune § 1 at ei eventuell pensjonsordning skal omfatte alle folkevalde med verv av ein viss storleik. Det følgjer også av forarbeida til kommunelova og forskrifta nemnd over at kommunen kan velje å inkludere folkevalde i kommunen si pensjonsordning for tilsette.

Som eit alternativ til å angje konkrete grupper av folkevalde som skal meldast inn, kan vervets størrelse angje på ein meir generell måte. Det må likevel ikkje vere tvil om kven som skal ha rett til pensjon.

Til § 9:

Kommunelova § 8-8 pålegg kommunane/fylkeskommunane å «sørgje for» at folkevalde som har vervet som sin hovudarbeid, har same rett til sjukepengar som tilsette i kommunen/fylkeskommunen. Fastsett forskrifta krav til sjukepengar, må det visast til kommunelova § 8-8 i heimelsangjeving.

Det kan eventuelt også gjevast reglar om melding om sjukdom og krav til dokumentasjon i form av legeerklæring.

Kommunelova § 8-8 regulerer ikkje forholdet mellom den folkevalde og Nav. Det er difor naturleg at kommunen beskriv korleis den vil oppfylle den folkevalde sin rett til full godtgjersle i dei første 16 dagane av sjukemeldinga, jf. merknaden til bestemminga i Prop. 46 L (2017-2018). Bestemminga i § 8-8 sikrar også at kommunen eller fylkeskommunen må betale den eventuelle forskjellen mellom 6G og kva den folkevalde ville fått i godtgjersle etter arbeidsgjevarperioda. Då bør dette òg gå fram av forskrifta.

Til § 10:

Dersom reglar om rettigheitar ved yrkesskade verte teke inn i forskrifta, skal det i heimelsangjeving også visast til kommunelova § 8-9.