Forskrift om folkevaldes rett til godtgjersle og velferdsgoder i Kinn kommune

6 Godtgjersle ved frikjøp

Folkevalde som vert frikjøpt frå ordinært arbeid, mottar ein fast godtgjersle i staden for dekning av tapt inntekt etter § 4 tredje ledd og arbeidsgodtgjersle etter § 5.

Ordføraren frikjøpast i 100% stilling. Ordførar si godtgjersle vert fastsett til 100% av stortingsrepresentant si godtgjersle.

Varaordføraren frikjøpast i 40 % stilling. Varaordførar si godtgjersle vert fastsett til 40% av stortingsrepresentant si godtgjersle.

Varaordføraren kan motta faste arbeidsgodtgjersler etter §5 for andre kommunaleverv, feks gruppeleiar eller utvalsleiar, men ikkje godtgjersle i kommunestyre og formannskap.

Varaordføraren kan ikkje motta dekning av tapt inntekt etter §4 tredje ledd for noko kommunalt verv.

Utvalsleiar for Plan- og miljøutvalet frikjøpast i 20% stilling utover den faste godtgjersla som utvalsleiar.