Forskrift om folkevaldes rett til godtgjersle og velferdsgoder i Kinn kommune

3 Rett til dekning av utgifter og økonomisk tap

Den som har eit tillitsverv i Kinn kommune, har krav på

  1. skyss-, kost- og overnattingsgodtgjersle for reiser i forbindelse med vervet
  2. dekning av utgifter som følgje av vervet, også utgifter til andre for å utføre nødvendige arbeidsoppgåver, barnepass og andre omsorgsoppgåver ein i forbindelse med utøving av vervet ikkje sjølv kan utføre
  3. erstatning for tapt inntekt som følgje av vervet
     

Krav etter første ledd skal fremjast for sekretariatet så snart som mogleg og bør seinast setjast fram innan 3 månader etter at kravet oppstod. Kravet skal dokumenterast. Krav etter første ledd bokstav b eller c som ikkje kan dokumenterast, dekkast likevel dersom utgiftene eller tapet er sannsynleggjort på annan måte.