Forskrift om folkevaldes rett til godtgjersle og velferdsgoder i Kinn kommune

5 Arbeidsgodtgjersle

Den som har eit kommunalt tillitsverv, har krav på godtgjersle for sitt arbeid etter følgjande satsar:

Tillitsverv

Godtgjersle i % av stortingsrepresentant si til ei kvar tid gjeldande godtgjersle.

Faste godtgjersler:

 

a) Formannskapsmedlemmar, leiar i helse-, sosial- og omsorgsutvalet, leiar i oppvekst og kulturutvalet, leiar i plan- og miljøutvalet og kontrollutvalet

6 % pr år

b) Leiar av: styret i kommunale føretak og aksjeselskap heileigd av Kinn kommune, administrasjonsutvalet og klagenemnda

3,5 % pr år
d) Leiar av alle andre råd og utvalDobbel møtegodtgjersle
e) Gruppeleiarar – flat sats3 % pr år

f) Gruppeleiarar – tillegg pr medlem i gruppe

0,2 % pr år

 

 

Møtegodtgjersle:

 

f) Møtegodtgjersle gruppe 1, medlem av:

Kommunestyret, "politikardagar ", møtande varamedlemer i formannskap, møtande medlem og varamedlem i hovudutval og administrasjonsutval, kontrollutval og eventuelt regionråd, styremedlemmar i kommunale føretak (avrunda)

Nestleiarar, medlemmar, møtande varamedlemmar mv. får møtegodtgjersle i tråd med kommunen sitt godtgjerslereglement for gruppe 1. Det skal svarast tapt arbeidsforteneste.

0,13 % pr møte

g) Møtegodtgjersle gruppe 2,medlem av:
Andre utval, råd, komitear og liknande (avrunda)

0,09 % pr møte

h) UKK får utbetalt kr. 250,- pr møte

 

Fast årleg godtgjersle etter første ledd reduserast med 50% ved deltaking i mindre enn 50% av avvikla møter i løpet av kalenderåret.

Varamedlem som deltek i minst 50% av møte i løpet av eit kalenderår, har rett til 50% av det faste medlem si årlege godtgjersle etter første ledd.

I særskilde høve med stor arbeidsbelastning, kan formannskapet vedta at utvalsleiarar frikjøpast utover den faste godtgjersla som utvalsleiar.

Valde representantar til m.a. årsmøte, samarbeidsutval, generalforsamlingar, arbeidsgrupper, styringsgrupper, interkommunale utval m.v. får møtegodtgjersle etter gruppe 2 når godtgjersle ikkje vert betalt av andre.

Ved kurs, seminar, konferansar m.v. arrangert av kommunen som representanten vert kalla inn til, vert det betalt møtegodtgjersle, vederlag for tapt inntekt og skyss-, kost- og opphaldsgodtgjersle. Det same gjeld for valde utsendingar til generalforsamlingar, årsmøte og liknande. Møtegodtgjersla vert utbetalt etter gruppe 2.

Ved deltaking på kurs, seminar, konferansar, temaseminar, dialogmøte og folkemøte m.v. som vert arrangerte av andre enn kommunen vert det ikkje betalt møtegodtgjersle, men det vert gitt vederlag for tapt inntekt og skyss-, kost- og opphaldsgodtgjersle om representanten er vald av kommunen til å representere.

Nestleiar eller andre som må leie heile møte i leiaren sitt fråvær får dobbel møtegodtgjersle.