Forskrift om folkevaldes rett til godtgjersle og velferdsgoder i Kinn kommune

9 Rett til sjukepengar

Folkevalde som har eit tillitsverv som sitt hovudarbeid, har same krav på sjukepengar som tilsette i kommunen.

Kinn kommune skal betale sjukepengar tilsvarande full godtgjersle i arbeidsgjevarperioda frå den første til den sekstande sjukedagen, jf. folketrygdlova § 8-19.

Har den folkevalde krav på godtgjersle utover seks gongar grunnbeløpet, jf. folketrygdlova § 8-10 andre ledd, skal kommunen betale forskjellen mellom det den folkevalde har krav på å få utbetalt i sjukepengar frå folketrygda og det den folkevalde ville fått i godtgjersle i den same perioden.