3 Rett til dekning av utgifter og økonomisk tap
Den som har eit tillitsverv i Kinn kommune, har krav på
- skyss-, kost- og overnattingsgodtgjersle for reiser i forbindelse med vervet
- dekning av utgifter som følgje av vervet, også utgifter til andre for å utføre nødvendige arbeidsoppgåver, barnepass og andre omsorgsoppgåver ein i forbindelse med utøving av vervet ikkje sjølv kan utføre
- erstatning for tapt inntekt som følgje av vervet
Krav etter første ledd skal fremjast for sekretariatet så snart som mogleg og bør seinast setjast fram innan 3 månader etter at kravet oppstod. Kravet skal dokumenterast. Krav etter første ledd bokstav b eller c som ikkje kan dokumenterast, dekkast likevel dersom utgiftene eller tapet er sannsynleggjort på annan måte.