11 Permisjonar
Folkevalde som har eit tillitsverv som sitt hovudarbeid, har etter søknad rett til permisjon i samsvar med arbeidsmiljølova §§ 12-1 til 12-10, 12-12 og 12-15.
Søknad om permisjon avgjerast av kommunestyret.
Under permisjonen beheld den folkevalde godtgjersla i inntil to veker, med mindre han eller ho gjer avkall på den. Under svangerskapspermisjon, omsorgspermisjon, fødselspermisjon, foreldrepermisjon og ved barn og barnepassar sin sjukdom, har den folkevalde rett til å behalde godtgjersla etter same reglar som gjeld for tilsvarande permisjonar for tilsette i kommunen.