6 Godtgjersle ved frikjøp
Folkevalde som vert frikjøpt frå ordinært arbeid, mottar ein fast godtgjersle i staden for dekning av tapt inntekt etter § 4 tredje ledd og arbeidsgodtgjersle etter § 5.
Ordføraren frikjøpast i 100% stilling. Ordførar si godtgjersle vert fastsett til 100% av stortingsrepresentant si godtgjersle.
Varaordføraren frikjøpast i 40 % stilling. Varaordførar si godtgjersle vert fastsett til 40% av stortingsrepresentant si godtgjersle.
Varaordføraren kan motta faste arbeidsgodtgjersler etter §5 for andre kommunaleverv, feks gruppeleiar eller utvalsleiar, men ikkje godtgjersle i kommunestyre og formannskap.
Varaordføraren kan ikkje motta dekning av tapt inntekt etter §4 tredje ledd for noko kommunalt verv.
Utvalsleiar for Plan- og miljøutvalet frikjøpast i 20% stilling utover den faste godtgjersla som utvalsleiar.