God folketalsutvikling
Vi har lagt bak oss fleire år med god folketalsutvikling, særleg knytt til busettings- og integreringsarbeidet. Det er grunn til å tru at folketalsutviklinga flatar ut med utgangspunkt i m.a. færre busettingsoppgåver frå nasjonalt hald. Utan at vi kan spå, kan vi truleg vente endringar i asyl- og flyktningpolitikken i løpet av dei neste åra. Vi ser også fleire flyttingar og trenden er auka mobilitet i alle aldersgrupper, også for godt vaksne, som flytter, m.a. alt etter korleis arbeid- og familiestrukturen endrar seg. Du kan lese meir om demografien vår her.
Openheit for endring – kommuneplan sin samfunnsdel
Kommuneplanen sin samfunnsdel fokuserer på tenesteutvikling, økonomiske bereevne, demografi og arealstrategi. Folketalsutvikling påverkar alt frå barnehageplassar og skulestruktur til arbeidsplassar og omsorgsteneste. Samfunnsdelen tek også opp i seg utkast til næringspolitiske strategi. Du kan lese om samfunnsplanen her.
Samarbeid med næringslivet
Samsnakk med næringslivet sine representantar har no gått over noko tid og representerer ein viktig arena for samhandling. Denne våren har vi hatt særleg fokus på kompetanse. Du kan lese om arbeidet her.
Ny høyring for kommuneplanen sin arealdel i haust
Utkast til kommuneplanen sin arealdel er forsinka og vil komme til ny høyring i oktober. Det er auka krav til planlegging, og sjølv om planen. Kommuneplanprosesen er også viktig med omsyn på klimatilpassing, arealrekneskap og by- og tettstadstruktur, og ikkje minst å sikre arealtilgang til næringslivet. Les meir om kommuneplanen sin arealdel.
Områdeplan – grunnlag for skulestruktur
Denne våren er det utarbeidd ein rapport på oppdrag fra kommunestyret for mogeleg endringar i skulestruktur. Kommunestyret valde å be om anlysen på områder med og utan skule. Det er tilsaman utarbeidd 9 alternativ. Saka er no på høyring. Når saka kjem attende til handsaming i haust gjev dette kommunestyret et godt grunnlag for å vedta framtidas skulestruktur. Du kan lese meir om dette her.
Innbyggjarundersøking
Den nyaste borgarundersøkinga syner at innbyggarane i Kinn jamt over har eit betre inntrykk av kommunen enn i tidlegare år. Samanlikna med undersøkingane frå 2023 og 2024 er fleire resultat forbetra, og fleire tenester har fått høgare skår. Les meir om dette her.
Store byggeprosjekt
Bygging av Skram Skule er starta, og opprusting av Gate 1 i Måløy er prosjektet er snart ferdig. Brannstasjon i Måløy vart teke i bruk forrige haust. Det er kort tid sidan vi tok i bruk nytt vassbehandlingsanlegg i Eikefjord. Anbod for Albertatunet er no ute i marknaden og vi kjem til å velje entrepenør til grunn- og betongdelen i løpet av av hausten. Vi har også gjort vedtak for vidare framdrift for brannstasjon i Florø.
Omstillingsprogram med god framdrift, men utfordrande tiltak
For å finansiere investeringane er det gjennomført ein omfattande prosess hausten 2024, der vi kom vi fram til 80 omstillingstiltak med eit totalt omfang på 160 mill. kr dei neste åra, og som denne rapport formidlar, er vi færre årsverk enn i fjor. Gjennomføring av programmet er ein føresetnad for det høge investeringsnivå vi har lagt opp til, men dei er særs krevjande å utføre. Du kan lese meir om gjennomgang av prosjektet her.
Kommunedirektør og ordførar