Over 80 deltakarar på samling om framtidas kompetanseLytt til tekstenStopp avspillingOver 80 deltakarar frå næringsliv, skular, utdanning og kommune er samla i dag på Florø kulturhus for å finne svar på eit av dei viktigaste spørsmåla for regionen vår: Korleis sikrar vi framtidas kompetanse?Arrangementet “Framtidas kompetanse – frå seminar til nettverk” er eit samarbeid mellom Kinn kommune, Aksello, Flora industri- og næringsforening, Måløy Vekst og Hub for Ocean, og samlar eit breitt spekter av deltakarar – frå privat næringsliv, vidaregåande skule, fag- og høgskule – mange av dei som jobbar med rekruttering og kompetanse i vår region - for å dele erfaringar, utfordringar og moglegheiter.På programmet står innlegg frå aktørar som Westcon Yards, Cargill, Fjord Base Gruppen, SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Evoy og fleire. Temaet er felles: korleis vi i lag kan utvikle og rekruttere kompetansen vi treng i åra som kjem.Det blir sett fokus på alt frå rekruttering og lærlingordningar til arbeidsgjevarattraktivitet, utdanning og det å skape bu- og arbeidsmiljø som gjer at folk vel å bli.Arrangementet markerer starten på eit tettare samarbeid om kompetanseutvikling i Kinn og regionen. Med deltaking frå både offentlege og private aktørar er målet å bygge nettverk, dele løysingar og løfte fram konkrete tiltak som kan styrke både arbeidslivet og lokalsamfunnet. Publisert 22.05.2025 10.38 Sist endra 22.05.2025 10.45