Høyring: Grunnlag for områdeplanlegging og skulestrukturLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommunestyre har i sak KOST-059/25 vedteke å legge «Grunnlaget for områdeplanlegging - grunnlaget for skulestruktur» ut på høyring. Her finn du informasjon om høyringa - fristen for innspel er 31. august.Vedtaket til kommunestyret inneheld fire punkt:Kommunestyret legg «grunnlaget for områdeplanlegging – grunnlaget for skulestrukturendringar» ut til offentleg høyring snarast mogleg, og med høyringsfrist 31. august. Kommunedirektøren skal sørge for breie medverknadsprosessar i høyringsperioden, slik at ein er sikker på at berørte interesser får kome med sine innspel.Parallelt med høyringa skal Kinn kommune arbeide med korleis ein kan bruke areala som i dag er Raudeberg skule, Krokane skule og Torvmyrane skule på ein måte der ein utviklar nærområdet og motverkar negative effektar av ev. bortfall av skuledrift. Formålet er å bidra til vekst og utvikling gjennom ein framtidsretta aktivitet og bruk av areala (og ev. anna nærliggande areal), dersom konklusjonen etter høyring mv. skulle vere å legge ned den respektive skulen.Kommunestyret delegerer til formannskapet å følgje opp arbeidet nevnt i punkt 2 i det vidare på vegne av kommunestyret.Formannskapet skal gjennom gode medverknadsprosessar med lokalsamfunna sørge for at dersom kommunestyret vel å legge ned ein skule, så skal det lages konkrete planar og tiltak ein raskt kan gå i gang med for å sørge for at ikkje bygg står tomme, men at ein kjem vidare med å utvikle desse lokalmiljøa i Kinn.Omtale av høyringaDet er viktig å merke seg at konsekvensen av den politiske handsaminga av denne saka, kan bli at ein vel å legge ned skular. Dette er ei offentleg høyring, det vil seie at alle som ønskjer det står fritt til å kome med innspel. Kinn kommune vil legge til rette for ein god høyringsprosess med involvering av aktuelle partar, i samsvar med kommunestyrevedtaket. Plan for denne medverknadsprosessen vil de kunne lese ved å følgje lenka. Der finn de også den politiske saka og grunnlagsdokumentet «Grunnlag for områdeplanlegging».Tilhøyrande plandokumentPlandokumenta å finne på følgande lenkerMedverknadsprosess skulestruktur og områdeplan (PDF, 41 kB)Politisk sak om grunnlaget for områdeplanlegging og skulestruktur (PDF, 201 kB)Grunnlagsdokument for områdeplanlegging og skulestruktur (PDF, 7 MB)Send dine innspel innan 31. augustMerknader/innspel kan og sendast til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy, eller via e-post til post@kinn.kommune.no innan 31. august 2025. Du kan også bruke elektronisk høyringsskjema.Gå til elektronisk høyringsskjema og send innspel Publisert 23.05.2025 13.41 Sist endra 23.05.2025 13.50