Innbyggarane er meir nøgde - fleire peikar på god utvikling

Resultata frå borgarundersøkinga tidlegare i vår viser framgang for Kinn kommune på fleire område!

Les borgarundersøkinga for 2025 her (PDF, 4 MB)

Den nyaste borgarundersøkinga syner at innbyggarane i Kinn jamt over har eit betre inntrykk av kommunen enn i tidlegare år. Samanlikna med undersøkingane frå 2023 og 2024 er fleire resultat forbetra, og fleire tenester har fått høgare skår.

God framgang sidan 2023

Sidan 2023 har det vore ei tydeleg positiv utvikling. Den samla kommunevurderinga har auka frå 60 i 2023 til 64 i 2025, medan total tilfredsheit (borgarskåren) ligg stabilt på 64 – tilsvarande som før, men er eit uttrykk for ei jamt over nøgd befolkning.

Det er særleg dei sosiale tenestene, fastlegetenesta og renovasjonen som har løfta seg. Renovasjonen har til dømes fått ein signifikant betre skår i 2025 (59) enn både i 2024 (53) og 2023 (49).

Kultur og fritid er styrka

Kulturtilbodet i kommunen har fått eit løft, og skårar no 61 – opp frå 54 i 2023. Kinn ligg no over snittet for jamstore kommunar på dette området. Kommunen skårar også høgt på tilrettelegging for natur og friluftsliv (79), eit resultat som har auka jamt sidan 2023.

Jobbmoglegheiter er eit anna lyspunkt. Med ein skår på 65 ligg Kinn godt over snittet for jamstore kommunar (52), og det er ei klar betring frå 2023-resultatet på 60.

Trygg kommune å bu i

Kinn opplevast som ein trygg stad. Heile 83 av 100 seier dei kjenner seg trygge frå kriminalitet – ein betring frå både 2024 og 2023. Også opplevinga av sjukehustilbodet har auka frå 50 i 2023 til 58 i 2025.

Samla vurderer innbyggarane tryggleiken i kvardagen til ein skår på 67 – betre enn i 2023 (61) og på line med jamstore kommunar.

Fortsatt rom for betring på demokrati og veg

Sjølv om fleire resultat peikar oppover, er det framleis område med forbetringspotensiale. Demokratiopplevinga ligg stabilt lågt, med ein samla skår på 35 – tilsvarande tidlegare år og under nivået i jamstore kommunar (43).

Vegar og byggesakshandsaming trekker også ned. Vegane får ein skår på 36 (jamstore kommunar: 49), og byggesak ligg nede på 34 – ein nedgang frå 2023. Dette er litt oppsiktsvekkande med tanke på korleis byggesaksavdelinga har tatt unna fleire saker enn i 2023 - les meir om dette her.

Fleire vil bli buande i Kinn

Eit anna positivt funn er at stadig fleire ser føre seg å bu i Kinn også om fem år. Med ein skår på 79, er dette ein av dei høgaste enkeltresultata i undersøkinga, og høgare enn det nasjonale snittet på 75.

Tilknytinga til både kommunen (71) og lokalsamfunnet (77) er også styrkt, og ligg no høgare enn i både 2023 og 2024.