Byggesaksavdelinga med raskare og betre tenester!

Byggesaksavdelinga har hatt eit travelt, men effektivt år i 2024! Nye Kostratal viser at vi behandlar fleire byggesaker enn nokon gong, og du får svar på saka di raskare enn før!

Nesten dobling i tal byggesøknadar

I 2024 har vi behandla 436 byggesøknadar, som nesten er ei dobling samanlikna med 2023, då vi behandla 234 saker. Dette viser ein tydeleg vekst i aktivitet i kommunen, og at fleire ønsker å satse på og utvikle eigedomane sine.

Kortare saksbehandlingstid

I tillegg til å ta unna fleire saker, har vi klart å vesentleg redusere saksbehandlingstida. I 2023 var gjennomsnittleg behandlingstid 55 dagar, medan vi i 2024 har kome ned i 20 dagar. Noko som betyr at du som vil bygge får raskare svar på dine saker og kan kome i gang med prosjekta dine mykje tidlegare enn før.

Landsbruksavdelinga har blitt styrka med ein saksbehandlar for å sikre meir effektiv behandling av delingssaker. Dette gjer at vi no raskare tar unna saker som gjeld deling av landbrukseigedomar - noko som tidlegare har fått påverknad på andre byggesaker.

Dispensasjonssaker og ny kommuneplan

Vi har òg behandla 89 dispensasjonssøknadar, noko som landar oss i toppsjiktet blant samanliknbare kommunar. Vi håpar likevel at dette talet vil gå ned når ny kommuneplan kjem på plass i løpet av året. Då kan fleire av denne type saker bli behandla utan behov for dispensasjon, og søkarar får billegare saksbehandling og kjappare svar frå oss.

Kva er KOSTRA?

KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) er eit system der alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg rapporterer inn statistikk om tenester, ressursbruk og resultat. KOSTRA-tal blir nytta for å samanlikne kommunar, sjå utvikling over tid og vurdere effektiviteten i ulike kommunale tenester, som byggesak, skule, helse og omsorg.

I dette tilfellet viser KOSTRA-tala kor rask og effektiv byggesaksavdelinga i Kinn kommune har blitt samanlikna med tidlegare år og andre kommunar.

Vil gjere det vi kan for å halde tritt

Kostratala viser at det er stor byggeaktivitet i kommunen, og vi jobbar for å halde fram med god og effektiv behandling av byggesaker. Det er viktig for oss at etableringsviljen i kommunen blir teke vare på, slik at folk kan satse på utvikling utan unødvendige forseinkingar.

Vi håpar at du som innbyggar merkar forbetringane, og vi skal halde fram med å jobbe for rask og god saksbehandling.