Kommuneplanen sin arealdelLytt til tekstenStopp avspillingArealdelen er den overordna planen som bestemmer all arealbruk i kommunen. Det blir no arbeidd med å få på plass ein ny arealdel for heile Kinn kommune. Denne er viktig å få på plass, for gamle Vågsøy er siste vedtekne plan frå 2002, det vil seie at at vi i realiteten mangler ein slik plan for den delen av kommunen. For gamle Flora er planen frå 2017, her også er det viktig å få oppdatert planen.Planen har vore ute på ei høyring. Der fekk vi inn om lag 500 innspel. Opplegget no er å sende planen ut på ei ny høyring sommaren 2025. Dette er meint å vere ein siste høyringsrunde. Dersom vi skal kome i mål med planen i løpet av 2025, vil det ikkje vere rom for særlege endringar etter høyringsrunden no i sommar.Kommunen er opptatt av at aktuelle problemstillingar som kommunestyret til slutt skal ta stilling til, blir kjent og debattert i forkant av den politiske handsaminga. Her vil du finne aktuell informasjon om arbeidet, og sida vil bli oppdatert løpande. Utgreiingar, nasjonale føringar, politiske saker og meir knytt til arealdelen Nasjonale og regionale føringar og utgreiingar Klimautvalet 2050NaturrisikoutvaletRegjeringen: Klimatiltak i NorgeVestland fylkeskommune: Nærings- og samfunnsutviklingNasjonale forventningar til regional og kommunal planleggingGrønt industriløft Aktuelle nyhende NRK Buskerud: "KI, kart og satellittbilde blir brukt for å hjelpe trua norsk natur"Oppsynsmannen: Undervisningsopplegg - NRK Skole - Lærerike programmer og klippNærings- og samfunnsutvikling - Vestland fylkeskommune Forskings- og kunnskapsbaser SINTEF: Klima og miljøCICERO - Senter for klimaforskingCIENS - Eit av Europas største forskingsfellesskap innan miljø, klima og samfunnGjærevollsenteret - framtidsanalyser av naturmangfald Politiske saker kring arealdelen Arealplaner.no - politiske vedtak, drøftingssaker og presentasjonar Analyse og utgreiingar Menon - Globale, kontinentale og nasjonale klimaforpliktelser, betydning for Kinn kommune sin arealplanlegging Innspel til planen Oppsummering av innkomne merknadar (PDF, 2 MB) Alle dokument knytt til kommuneplanen sin arealdel Presentasjonar frå folkemøte i Florø 28. januar Presentasjon v/ ordførar Bengt Solheim-Olsen (PDF, 3 MB)Presentasjon om alternativsvurderingane på folkemøte (Asplan Viak) (PDF, 3 MB)Florø Bulystforening v/ Stein Malkenes (PDF, 4 MB)Havlandet (PDF, 4 MB)Fjord Base (PDF, 2 MB)Planavdelinga i Kinn kommune (PDF, 2 MB) Sjå podcast om kommuneplanen sin arealdelI denne podkasten frå kommunen får du litt meir info om kva kommunen planen sin arealdel er. Publisert 28.01.2025 12.05 Sist endra 03.02.2025 11.19