Retningsliner for sosiale media

Prinsipp for privat bruk av sosiale media

På nokre områder skil sosiale media seg frå dei tradisjonelle kanalane kommunen brukar.

  • Du må vere bevisst di rolle som tilsett i Kinn kommune ved all bruk av sosiale media.
  • Du må vere open om at du er tilsett i Kinn kommune i samanhengar der dette er naturleg.
  • Presiser at du ytrar deg som privatperson og ikkje på vegner av Kinn kommune dersom det kan verte reist tvil om di rolle. Sjølv om du uttalar deg som privatperson gjeld lojalitetsplikta, og hugs kommunen sitt etiske reglement og teieplikt.
  • Hugs at reglane om teieplikt, personvern, ytringsfridom, lojalitetsplikt mv som du skal forholde deg til i din jobb i Kinn kommune også gjeld når du opptrer som privatperson i sosiale media. Som tilsett har du eit sjølvstendig ansvar for å bidra til at kommunen sin tilitt og omdømme blir tatt vare på. Du har plikt til å utføre dine oppgåver og opptre utad på ein etisk forsvarleg måte, og slik at det ikkje skader kommunen sitt omdøme.
  • Delta gjerne i faglege diskusjonar på nett. Sosiale media kan også vere ei kjelde til kunnskap.
  • Vurder grundig om du som privatperson skal ha kontakt med elevar/brukarar/pårørande/leverandørar i sosiale media. Sjølv om du i utgangspunktet tykkjer det er greitt å skilje mellom rollene, kan dette over tid føre til situasjonar som kan opplevast som problematisk for begge partar.
  • Ved henvending som krev sakshandsaming/arkivering skal avsendar oppfordrast til å rette ein formell førespurnad til kommunen. Dette vil då bli handsama i samsvar med kommunen sine sakshandsamingsrutinar.
  • Du må vere varsam! Hugs at internett er permanent. Det kan vere vanskeleg å slette det du har lagt ut på nettet.