Retningsliner for sosiale media

Kommunen sine offisielle kontoar

Oppretting av kontoar
Offisielle kontoar med namn Kinn kommune skal opprettast av kommunedirektøren eller den han delegerer dette mynde til.

Oppretting av offisielle kontoar i regi av kommunale tenester skal godkjennast av kommunedirektøren. Det skal ved søknad om godkjenning opplysast om føremålet med kontoen. Send kortfatta søknad til kommunedirektøren på e-post med kopi til informasjonsavdelinga.

Ver merksam på personopplysingslova, prinsippa for handsaming av personopplysingar og den registrerte sine rettar.

Ansvar og drift
Tenesteleiar er ansvarleg for drifta av den einskilde konto, og kommunedirektøren eller informasjon og service skal ha administratorrettar til kontoen.

Ytringar
Alle ytringar på dei offisielle kontoane skal vere politisk og religiøst nøytrale, og må elles ikkje verke diskriminerande på nokon annan måte. Ved all kommunikasjon på offisielle kontoar: Husk at du alltid representerer Kinn kommune.

Administrasjon og politikk
Du må vere bevisst på skiljet mellom administrativt og politisk nivå. I politiske saker som er under handsaming skal det kun visast til kommunedirektøren si innstilling, og ved politiske saker som er avgjort skal det visast til vedtaket. Ikkje gje eigne vurderingar i denne type saker.

Sakshandsaming
Sakshandsaming skal ikkje føregå i sosiale media. Ved henvendingar som krev sakshandsaming eller har verdi som dokumentasjon skal avsendar gjerast merksam på kommunen si dokumentasjonsplikt. Henvendinga skal i tillegg formidlast vidare til rette instans og arkiverast.

Dialog og nærver
I dialog med andre på sosiale media:
• Du må vere til stades, delta i debattane

• Svar på spørsmål og kommentarar snarast mogleg

• Rett opp faktafeil

• Sei takk for skryt

• Svar også på nøytrale kommentarar

• Svar på negative kommentarar, men vurder kor lenge du vil at dialogen skal oppretthaldast

Krisekommunikasjon
I krisesituasjonar der kommunedirektøren har sett krisestab, skal all kommunikasjon på Kinn kommune sine offisielle kontoar gå gjennom kommunedirektøren eller den han delegerer dette til.