Vedtatt 17.06.2020, administrasjonsutvalet.
Å kommunisere i sosiale media er det same som å kommunisere i andre kanalar. Sosiale media gjev oss høve til å få råd og innspel, eller å svare på spørsmål frå innbyggjarane våre og anna publikum, til å følgje med på meiningsytringar, og til å spreie kunnskap om våre tenestetilbod og nyhende.
Vi kan informere om offentlege arrangement og anna som er av stor betyding for lokalsamfunnet vårt og innbyggjarane våre.