Retningsliner for førebygging og handtering av mobbing og trakassering

1. Innleiing

1.1 Formål
Alle tilsette i Kinn kommune har rett på eit arbeidsmiljø fritt for mobbing og trakassering, herunder seksuell trakassering, og arbeidet skal leggjast til rette slik at arbeidstakarane sin integritet og verdigheit blir ivareteke. Dette følgjer direkte av arbeidsmiljøloven § 4-3, som seier at ”trakassering eller annen utilbørlig opptreden er forbudt.”

1.2 Kva er mobbing og trakassering
Mobbing og trakassering kan ha mange former. Arbeidstilsynet sin definisjon: ”Det er trakassering når en eller flere personer gjentatte ganger over tid blir utsatt for negative handlinger fra en eller flere personer. Dette kan for eksempel være uønska seksuell oppmerksomhet, plaging, utfrysing, fratakelse av arbeidsoppgaver, eller sårende fleiping og erting. Videre bør det være en ubalanse i styrkeforholdet, slik at den som blir trakassert må ha vanskelig for å forsvare seg. Vi snakker ikke om trakassering dersom to omtrent like sterke personer kommer i konflikt”.

Styrkeforholdet mellom partane handlar ikkje nødvendigvis om formell plassering i organisasjonen. Slik omgrepet vanlegvis vert brukt, kan en person bli utsatt for mobbing både frå leiarar og kollegar.

Følgjande handlingar vert å sjå på som mobbehandlingar dersom dei føregår systematisk over tid:

  • sårande erting/fleiping, ironiske kommentarar, latterliggjering, baksnakking og/eller rykte
  • sosial utestenging
  • urettvist å bli skulda for dårleg utføring av arbeid, nedvurdering av fagleg dugleik, fråteke oppgåver og ansvar
  • personleg angrep
  • trakassering og/eller nedvurdering på bakgrunn av kjønn, alder, rase, livssyn, utsjånad, redusert funksjonsevne, seksuell legning eller utdanning

Om enkelthandlingar er så alvorleg at ei enkel hending har vore djupt krenkande, kan dette i seg sjølv vere grunnlag for disiplinærsak. På den andre sida vil bruk av humor og ironi ikkje vere mobbing når der er gjensidighet i fleipinga, eller kor det er balanse i relasjonen.

1.3 Kva er seksuell trakassering
Seksuell trakassering er "uønsket seksuell oppmerksomhet som er plagsom for den oppmerksomheten rammer". Omgrepet uønska seksuell merksemd/trakassering er eit vidt omgrep. Det kan vere alt fra opplevingar med en seksuell undertone; frå enkeltståande bemerkninger, truslar og til situasjonar der vedkommande føler seg systematisk seksuelt trakassert.

Likestillingslovens § 8 a heimlar forbod mot trakassering på grunn av kjønn og mot seksuell trakassering. Med trakassering på grunn av kjønn vert meint uønska åtferd som er knytt til ein persons kjønn, og forbodet rammer både åtferd med trakasserande formål og åtferd med trakasserande verknad. Grunnkravet i begge høve er at åtferda er uønska av den som vert råka. I tillegg må åtferda framstå med ein viss alvorlighetsgrad også etter ei objektiv vurdering.

Den som opplever at integriteten vert krenka, bør ta det opp med den som skaper opplevinga, eller rådføre seg med andre om hendinga(e). Kva som vert opplevd som krenkande kan variere fra person til person mellom anna avhengig av kultur og bakgrunn.

Døme på åtferd:

  • seksuelle tilnærmingar
  • uønsket berøring og "plukking"
  • nærgåande kommentarar om mottakaren sin kropp, utsjånad, klede eller privatliv
  • visning av pornografiske bilete, plystring og kroppsbevegelsar som har seksuelle undertonar
  • fra seksuelle framstøt, forslag og hentydninger til psykisk og fysisk press om seksuelle tenester