5. Førebygging av mobbing og trakassering
5.1. Bakgrunn
Arbeids- og organisasjonsforskning viser at det er meir sannsynleg at mobbing og trakassering oppstår i eit arbeidsmiljø som er prega av mistrivsel, stress og uklare arbeidsoppgåver/-deling, enn i eit arbeidsmiljø som er prega av ryddige organisatoriske forhold, åpenhet og respekt for den enkelte.
For å førebygge at mobbing eller trakassering oppstår er det viktig å organisere og leie verksemda på ein måte som gjev tilsette kjensle av tryggleik i form av forutsigbarhet, sosial tilhørighet, medbestemmelse, delaktighet, meistring, meiningsfylt arbeid og trygge tilsettingstilhøve
5.2 Føresetnader:
- Leiinga klargjer at mobbing eller trakassering ikkje vert akseptert.
- Førebygging av mobbing og trakassering skal inngå i verksemda sitt systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid.
- Leirar har god kompetanse i konflikthandtering.
- Det skal vere ein kultur som aksepterer usemje og diskusjon om sak, men ikkje personangrep eller latterliggjøring av andre sine argument.
- Gode informasjons- og kommunikasjonsrutinar.
- Verksemda har mobbing og trakassering som tema på personalmøte minst ein gang i året.
- God samhandling mellom leiing og tillitsvalde / verneombod på ulike nivå.
5.3 Kinn kommune har ulike verktøy / arena for å skape eit godt arbeidsmiljø, eksempelvis:
- Leiarutvikling
- Ulike utviklingstiltak i tenestene, som blir vidareført og utvikla i Kinn
- Personal- og velferdstiltak, Fag- og fest, trimaktivitetar
- Systematiske Arbeidsmiljøundersøkingar, skal vurderast innført også i Kinn
- Inkluderande arbeidslivsbedrift, forpliktande samarbeidsavtale mellom 3 partar
- Årlege medarbeidarsamtaler, ev gruppesamtalar
- Jamlege personalmøte på avdelingsnivået /kommunedagar der IA/ - HMS skal vere tema.
- Informasjons- og drøftingsmøte med hovudtillitsvalde
- Startpakke – introduksjonskurs med nye medarbeidarar.
- Retningsliner for førebygging og handtering av mobbing og trakassering mellom tilsette
- Reglement for varsling av kritikkverdige forhold på arbeidsplassen
- Bedriftshelseteneste, handlingsplanar, arbeidsplasskarteggingar, råd, rettleiing opplæring.
- Akan- reglar.
- Helse-, miljø og sikkerhetsopplæring til alle leiarar på alle nivå, samt til verneomboda, medlemmer av Arbeidsmiljøutvalet.