Retningsliner for førebygging og handtering av mobbing og trakassering

3. Roller

3.1 Arbeidsgjevar
Arbeidsgjevar pliktar å sette i verk dei tiltak som er nødvendige for å førebygge og handtere mobbing, trakassering eller anna utilbørleg åtferd på arbeidsplassen, jf. arbeidsmiljøloven §§ 4-1 og 4-3. Arbeidsgivar skal i samarbeid med verneomboda /tillitsvalde arbeide aktivt for å skape gode sosiale arenaer som bidrar til eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

Tenesteleiar/andre leiarar med personalansvar skal:

  • umiddelbart sikre at ingen av partane vert utsette for uheldige belastningar eller utilbørleg åtferd etter at melding om mobbing eller trakassering er sett fram.
  • undersøke det faktiske innhaldet i meldinga på ein rettferdig og forsvarleg måte ved snarast å gjennomføre samtaler med partane i saken. Kvar av partane skal få høve til å få komme med sin versjon.
  • i innkalling til samtale beskrive kva saka gjeld og det skal opplysast om at det er mulighet for å la seg bistå av verneombod, tillitsvald eller anna støtteperson gjennom heile løysingsprosessen.
  • Gjere naudsynte tiltak for å sikre en kontradiktorisk prosess der alle involverte partar får høve til å legge frem sitt syn på saka og på dei klagemål som er retta mot dei.
  • Ta avgjerd i saka, informere dei involverte om denne og gjennomføre dei tiltak som er naudsynte for å gjenopprette eit forsvarlig arbeidsmiljø, eventuelt som ein del av dette sette i verk naudsynte disiplinærtiltak overfor ein eller begge partar.
  • Sørge for skriftleg dokumentasjon, mellom anna ved referat frå alle møte men avgrensa til kva problemstillingar som vart diskutert og kva som vart konklusjonen. Referatet skal underteiknast av den/dei involverte og leiar før møtet vert avslutta. Dersom det er usemje om innhaldet i referatet skal dette gå fram av referatet.

3.2 Arbeidstakar
Tilsette pliktar å medvirke ved gjennomføring av dei tiltak som blir sette i verk for å skape eit sunt og trygt arbeidsmiljø, jf Arbeidsmiljølova § 2-3.

Tilsette som blir merksame på at det går føre seg mobbing eller trakassering i Flora kommune har plikt til å melde dette til Tenesteleiar/næraste personalleiar eller verneombod så snart som mulig, jf Arbeidsmiljøloven § 2-3 d. Dette betyr at ein tilsett som blir betrudd av ein kollega at vedkommande meiner seg utsett for mobbing eller trakassering på arbeidsplassen, vil ha plikt til å bringe dette vidare til leiar eller verneombod, sjølv om vedkommande ber om at dette ikkje vert bringa vidare. Tilsette som har trong for uformell samtale kan vende seg til bedriftshelsetenesta (BHT).

Dersom du opplever deg utsatt for mobbing eller trakassering:

  • forsøk i første omgang å ta det opp direkte med den det gjeld
  • Skriv ned og dokumenter episodar kor du har opplevd negativ åtferd. Skill mellom kva som faktisk å hende og korleis du tolka situasjonen. Vær påpasseleg med å datere hendingane.
  • meld fra til næraste leiar med personalansvar dersom du har teke det opp med den det gjeld utan at det har gjeve resultat, gje ei kortfatta skriftleg (datert) skildring av kva som har skjedd.
  • dersom det er næraste leiar som opplevast som problemet, ta saka opp med vedkomande sin overordna, rådmannen eller personalsjef.
  • delta i samtalar og møte for å få fram fakta i saken, og bidra til å finne fram til mulige løysingar
  • du kan ha med verneombod /tillitsvald eller annen støtteperson i samtaler med arbeidsgjevar
  • pass på at det blir ført referat fra møte, og at dette vert godkjend av møtedeltakarane ved underskrift før møtet vert avslutta. Er du usamd i innhaldet, sørg for at dette kjem fram av referatet.
  • dersom du har vitne til hendingane bør du be om desse skriv ned observasjonar sine.
  • dersom det er vanskeleg og ta opp saka internt, kan du eventuelt på sjølvstendig grunnlag sende skriftleg henvending til Arbeidstilsynet.

3.3 Personalavdelinga
Personalavdelinga har rådgjevings - og rettleiingsfunksjon i denne type saker, men kan også opptre generelt som arbeidsgjevar på vegner av rådmannen. I tillegg kan ein få juridisk hjelp gjennom kommuneadvokaten.

3.4 Verneombod
Verneombodet si rolle er å ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som vedkjem arbeidsmiljøet. Verneombodet pliktar å varsle nærmaste leier med personalansvar dersom han/ho vert kjend med at det går føre seg mobbing eller trakassering på arbeidsplassen, og syte føre at leiar følgjer opp saka. Varsel til arbeidsgjevar kan gjerast munnleg, men det anbefalast at verneombodet skriver ei melding til leiar kor følgjande vet teke med:

Kva forholdet gjeld

namn på den som mottok meldinga

dato for innmelding av varselet

Frist for arbeidsgjevar til å rette på forholdet.

Verneombodet skal i desse sakene overlate den konkrete handteringa til leiar. Arbeidsgjevaren skal gje verneombodet svar på henvendinga. Er det ikkje innan rimelig tid tatt omsyn til meldinga, skal verneombodet underrette Arbeidsmiljøutvalet eller Arbeidstilsynet, jf Arbeidsmiljølova § 6-2, 3 ledd. Verneombodet vurderer sjølv kva som er "rimelig tid" for arbeidsgjevaren til å reagere på henvendinga di..

3.6 Tillitsvald
Tillitsvalde skal ivareta medlemmene sine interesser i forhold til lov og avtaleverk. Tillitsvalde kan, dersom eit medlem ønskjer det, bistå denne/desse i møte med leiinga eller andre partar i saka. Tillitsvalde skal bidra til at konflikten vert handtert på ein god måte slik at ein finner løysningar som teke vare på både det felles arbeidsmiljøet og dei involverte partane.

Det er viktig at tillitsvalde avklarar si rolle i den enkelte sak med partane og andre involverte.

3.7 Arbeidsmiljøutvalet (AMU)
AMU skal sjå til at meldingar/avviksmeldingar om mobbing og trakassering vert følgt opp. Viser det seg at leirar ikkje har handtert forholdet på ein hensiktsmessig måte, bør utvalet be om at saka vert handtert i tråd med gjeldande retningsliner. AMU skal handtere konkrete saker.

3.8 Bedriftshelsetenesta (BHT)
Bedriftshelsetenesta er underlagt teieplikt og har ein fri og uavhengig stilling. Tilsette som opplever seg utsett for mobbing eller trakassering kan vende seg til BHT, for ein uformell samtale om hendingane og eigen reaksjon på desse, utan at saka vert teken opp til leiar med mindre den tilsette sjølv vel å gå vidare med saka. Den tilsette kan då ta direkte kontakt med BHT. NB! Kollegaer, verneombod, tillitsvalde eller leiar kan ikkje vere ein slik samtalepartnar, då dei vil ha plikt til å ta saka vidare, jf arbeidsmiljøloven § 2-3 (2) bokstav d.