Varsel om planoppstart for detaljregulering av Fimlandsmarka/Vågastubben

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – Privat detaljreguleringsplan for Fimlandsmarka/Vågastubben gbnr 27/425 mfl. i Kinn kommune. 

Tiltakshavar for planarbeidet er John Sigurd Solberg. Varsla planområde utgjer om lag 17 daa. Endeleg planavgrensing kan verte justert i planprosessen. Formål med planen er å utvikle eigedomane på gbnr 28/216 og 27/425, i samsvar med eksisterande situasjon i kringliggande område. I planarbeidet skal det leggast til rette for 2 bustadar på nordsida av omtalte eigendomar, mot sjø skal det leggast til rette for naust/sjøhus med tilhøyrande anlegg i sjø, der eit av desse vert etablert for næringsformål. 

Videre vert det planlagt for småbåtanlegg og etablering av kaipir/molo. Viktige føringar i planarbeidet vil vere tilrettelegging for ålmenta, med etablering av gangveg/turveg mellom Fimlandsmarka i sør og Vågastubben i nord, badevik og opphaldsareal som fremjar sjørelaterte aktivitetar ved naust /sjøhus, samt utsiktspunkt med sitteplassar på molo, og badstue. 

Resterande areal er tenkt regulert til grøntareal. Vedlagt varslingsdokument ligg skisseutkast utarbeidd av Salt Arkitekter som viser korleis området er tenkt utvikla. I skisseprosjektet har det blitt vektlagt å utvikle eit godt bumiljø og ein ny møtestad for nabolaget, der ålmenta skal få tilkomst til strandsone og sjøområda. Det er vidare lagt vekt på å tilpasse seg det bygde miljøet rundt med tanke på volum, siktlinjer og materialbruk. Det er ikkje registrert kulturminne eller viktige naturvernområde innanfor planområdet. 

Strandsona rundt planområdet er allereie påverka med etablerte naust og kaianlegg. Utanfor planområdet er verknadar venta å gjelde tilgrensande eigedomar som består av bustadar. Ved tiltak vil ein tilføre gode friluftsverdiar ved å opne for bruk av område for ålmenta og legge til rette for tilgjenge til sjø. 

Det vart gjennomført oppstartsmøte med Kinn kommune den 04.01.2024, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Tema som skal vurderast særskilt i planarbeidet er blant anna: Landskap, estetikk og byggeskikk, teknisk infrastruktur, trafikktryggleik, universell utforming, folkehelse, barn og unge, strandsone, m.fl. 

Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen Planforslaget samsvarar med kommunedelplan for Florelandet – Brandsøy (20.06.2007). Kommunen er samd i vurdering om at planarbeidet ikkje vil utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). For meir informasjon i høve planfagleg bakgrunn, vurdering av konsekvensutgreiing samt verknadar av planforslaget sjå utfyllande planinitiativ og oppstartsmøtereferat Naboar/partar er tilskrive med eige brev. 

Vedlegg til varselet om planoppstart

Innspel, merknadar og spørsmål

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult AS, innan 11.11.2024.

Kontaktinformasjon: Strandgata 15, 6905 FLORØ. Telefon 957 41 102/952 10 105 eller e-post: post@ivestconsult.no.