Tidsplan fram til vedtak i 2024

Vi har lagt opp til ein tidsplan for ulike delprosessar fram til endeleg vedtak med nytt kommunestyre våren 2024. Vi er no ferdig med første delprosess der vi har utforska utfordringar, moglegheiter, og henta inn prognoser for mellom anna framtidig befolkningsutvikling. No er vi i ein prosess der utfordringsbilde blir spissa innan ulike tema, og vi vil i det vidare arbeidet peike ut tiltak og målsettingar. 

Vedtak om høyring av planstrategi og samfunnsdel

Kommunestyre vedtok å legge planstrategi 2024-2027 og samfunnsdelen 2024-2036 ut til offentleg ettersyn frå 1. august til 30. september 2024. 

Vedtaket frå kommunestyret si handsaming av saka kan du lese her.

13.06.2024 12.00

Utkast til ny samfunnsplan og planstrategi

Formannskapet fekk første utkast av samfunnsplanen til handsaming den 27. november i fjor. Dei vedtok å utsette høyring av samfunnsplanen inntil den vert justert i høve til nokre innspel som vart lagt fram i møtet.

Før planen leggast fram på nytt vedtok politikarane nokre nye føringar for planen. Den skal synleggjere

  • tiltak for å auke folketalet dei komande åra.
  • kva tiltak som må gjerast for å auke tal arbeidsplassar.
  • korleis vi kan bidra til auka bustadattraktivitet og rekruttering til kommunen og næringslivet.

Samfunnsplanen skal også legge grunnlaget for ein nærings- og vekststrategi. Næringsselskapa Aksello, Flora Industri- og Næringsforening og Måløy Vekst, i tillegg til Byen vår Florø og Måløy Byforening, blir bedt om innspel til tematikk, innhald og prosess for utarbeiding av strategien.

27.11.2023

Kommunekonferanse

Torsdag 26. oktober var ulike aktørar i lokalsamfunnet, kommunestyre, medlemmer i politiske utval og leiarar i kommunen samla til kommunekonferanse på Florø kulturhus. 

Opptak - kommunekonferanse 26. oktober

26.10.2023

Fellesmøte for alle teama som arbeidar med samfunnsplanen

19.09.2023

Fellesmøte for alle teama som arbeidar med samfunnsplanen

30.08.2023

Kommunestyre vedtok planprogrammet

Kommunestyret vedtok planstrategi og planprogram for revisjon av samfunnsdelen til kommuneplanen i Kinn.

Les vedtaket og saksdokumenta her

Sjå opptak frå handsaminga i kommunestyret her

Befolkningsutvikling i Kinn kommune (PDF, 2 MB)

25.05.2023

Kommunekonferanse på Raudeberg

I mars vart mange av innbyggarane i Kinn kommune kontakta med spørsmål om kommunale tenester og korleis våre innnbyggarar opplever kommunen. Selskapet Sentio gjennomførte eit oppdrag på vegne av Kinn kommune. Litt over 1100 innbyggjarar har svart på SMS. Du kan sjå opptak frå møte på Raudeberg der foreløpig resultat vert presentert. 

På møte var det også innlegg om helsepersonellkommisjonen sitt arbeid og kva dette betyr for Kinn i møte med dei stor demografiske endringane vi vil møte dei neste 10 åra. 

Sjå opptak frå kommunekonferansen her

Les meir om konferansen her

20.04.2023

Høyring av planprogram

Formannskapet vedtok at vi skal revidere vår gjeldande planstrategi og samfunnsdelen til kommuneplanen.

Planprogrammet var på høyring til 28. april. 

Her kan du sjå høyringsinnspela

08.03.2023

Kommunekonferanse på Raudeberg

31. januar var ulike aktørar i lokalsamfunnet, kommunestyre og leiarar i kommunen samla til kommunesamling på Parken kulturhus på Raudeberg. Tema for samlinga var korleis skape ein tilpassingsdyktig og innovativ kommune som kan handtere våre samfunnsutfordringar og samskape med lokalsamfunnet. 

Sjå opptak frå kommunesamlinga her

Les meir om konferansen her

31.01.2023

Utarbeiding av ny samfunnsplan

Juli - november 2023