Grunnlagsdokument for økonomiplanen

Rapportar om økonomi, samfunn eller andre omsyn knytt til planarbeidet publiserer vi her.

Omklassifisering av veg frå kommunal til privat

Administrasjonen har lagt til grunn vedtak i kommunestyret 126/22 og har vidare utarbeidd liste over dei vegane som etter administrativ vurdering stetter kriteriane for omklassifisering frå kommunal veg til privat veg.

Sjå liste over vegane her (PDF, 6 MB)

Økonomi

Agenda Kaupang har utført ei analyse av rekneskap vårt og KOSTRA-tal for 2022. Føremålet med analysen er å finne ut korleis dei økonomiske nøkkeltala våre er i forhold til andre kommunar. Hovudkonklusjonen til Agenda Kaupang er at vi har ein gjennomsnittleg, men varierande tenestekvalitet, middels finansar og eit høgt kostnadsnivå i tenestene i høve til samanliknbare kommunar i KOSTRA-gruppe 7.

Les heile rapporten frå Agenda Kaupang om økonomianalyse for 2022 her (PDF, 5 MB)

Brannordning i Kinn kommune

Gjennom brannordninga skal Kinn kommune dokumentere at Kinn brann og redning er bemanna, organisert, utstyrt og trent på ein slik måte at oppgåvene kan utførast på ein tilfredsstillande måte etter gjeldande regelverk.

Her finn du kommunestyret sitt vedtak om brannordning i Kinn kommune, og alle tilhøyrande dokument

Menon - analyse av næringslivet i Kinn kommune

På oppdrag for Kinn kommune har Menon Economics gjennomført ein næringslivsanalyse av Kinn kommune. Dette inkluderer ein gjennomgang av næringslivet i kommunen som dekker både arbeidsmarknaden og det private næringslivet. I tillegg har Menon gjennomført ei SWOT-analyse for å vurdere kommunen sine styrkar, svakheiter, moglegheitsrom og truslar.

Les Menon si analyse av næringslivet her (PDF, 2 MB)

Sentio - næringsundersøking i Kinn kommune

På oppdrag frå Kinn kommune og i samarbeid med næringsforeiningane Måløy Vekst og Florø Industriforeining har Sentio Research gjennomført ei undersøking om tilfredsheit med kommunen. Formålet med undersøkinga er å kartlegge lokale bedrifter sine synspunkt på viktige utviklingstrekk i kommunen.

Les rapporten frå Sentio her (PDF, 2 MB)
Her finn du tallrapport frå undersøkinga (PDF, 5 MB)

Tiltak som ikkje er tilrådd

Det er gjort eit omfattande arbeid med å sjå på mogleg tiltak innan alle tenesteområde. Følgande tiltak er ikkje tilrådd som del av økonomiplantiltaka. 

Her finn du oversikt over tiltak som ikkje er tilrådd (PDF, 97 kB)

Ny leiings- og styringsstruktur i Kinn kommune

Kinn kommune nyttar fleire ressursar til administrative tenester enn andre kommune. Det er naturleg at ein no ser på leiing og styring etter nokre år med Kinn kommune. Kva funger, kva må forbetrast, kva er omstillingspotensialt, kan vi klare oss med færre? Dette er ei oppfølging av prosjekt bemanning, og konsekvensar av auka kutt.

Informasjon om ny leiings- og styringsstruktur i Kinn kommune (PDF, 2 MB)

Prognose for midlar frå havbruk og vindkraft

Telemarksforsking har utarbeida eit anslag for inntekter frå havbruksfondet og inntekter frå produksjonsavgift på vindkraft.

Sjå Telemarksforsking si prognose her (PDF, 523 kB)