Vil du vere med og utvikle Kinn?

Personar er samla i ein form som etterliknar eit spørsmål. - Klikk for stort bileteVil du vere med og utvikle Kinn?

Formannskapet har vedtatt at vi skal revidere vår gjeldande planstrategi og samfunnsdelen til kommuneplanen. Dette høyrast kanskje tørt ut – men det er spennande og viktig arbeid! Les meir her.

Det vi ber deg meine noko om no er innhaldet i det vi kallar planprogrammet. Planprogrammet er ein plan for korleis vi skal jobbe med samfunnsdelen. Altså kva fokusområde vi skal arbeide med, og korleis vi skal samarbeide med deg og alle andre i kommunen.

Planprogrammet oppsummerer utfordringane og moglegheitene våre

Fordelen ved at planprogrammet oppsummerer våre felles utfordringar og moglegheiter er at vi kan prioritere kva vi skal fokusere på. Kva utfordringar skal vi takle, og kva moglegheiter skal vi gripe? Dette er spørsmål du kan hjelpe oss å finne ut av.

Vil du bidra til å utvikle kommunen vår?

Ung eller gammal? Speler ingen rolle – vi er alle ein del av Kinn. Vi må alle bidra til å gjere Kinn til den beste plassen å bu og å leve.

Vi ber deg lese planprogrammet nedanfor. Har du refleksjonar eller meiningar rundt det du les? Då håpar vi at du også vil seie i frå. Bruk skjemaet nedanfor og skriv ned tankane dine!

Frist for innspel er 28. april.

Les utkast til planprogrammet her