Samfunnsplanen vert utsettFormannskapet fekk første utkast av samfunnsplanen til handsaming den 27. november i fjor. Dei vedtok å utsette høyring av samfunnsplanen inntil den vert justert i høve til nokre innspel som vart lagt fram i møtet.Før planen leggast fram på nytt vedtok politikarane nokre nye føringar for planen. Den skal synleggjeretiltak for å auke folketalet dei komande åra.kva tiltak som må gjerast for å auke tal arbeidsplassar.korleis vi kan bidra til auka bustadattraktivitet og rekruttering til kommunen og næringslivet.Samfunnsplanen skal også legge grunnlaget for ein nærings- og vekststrategi. Næringsselskapa Aksello, Flora Industri- og Næringsforening og Måløy Vekst, i tillegg til Byen vår Florø og Måløy Byforening, blir bedt om innspel til tematikk, innhald og prosess for utarbeiding av strategien. Publisert 03.01.2024 13.53 Sist endra 03.01.2024 13.53