Podcast om samfunnsplanen med ordførar og kommunedirektør

Bilde av ordførar Ola Teigen og kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen - Klikk for stort bilete

Veit du kva planstrategi, samfunnsplan eller medverknad betyr? Her forklarar ordførar og kommunedirektør kva dette inneber. 

Podcast om samfunnsplanen med ordførar og kommunedirektør

Kanskje den viktigaste planen kommunen har er kommuneplanen, som er delt inn i to. Ein del er retta mot korleis vi skal utnytte arealet i kommunen, og ein annan er korleis vi skal utvikle oss som samfunn og organisasjon.

For å gjere dette på ein fornuftig måte må vi sjå på ulike data og finne trendar for korleis Kinn-samfunnet har utvikla seg dei siste åra. Det kan seie noko om korleis samfunnet ser ut i framtida, og kva vi må planlegge etter.

Du kan nesten kalle det for ei krystallkule der vi spår framtida basert på utvikling fram til i dag.

Noko vi ser er at vi blir færre yngre, og mange fleire eldre. Utflytting og færre fødslar gir oss fleire utfordringar vi må løyse i dag. Innan 2030 får vi 627 fleire personar over 67 år, og 499 færre barn i alderen 0-15 år.

Korleis skal vi møte slike utfordringar? Det veit vi ikkje endå, men vi vil løyse dei i lag med deg. Difor er det viktig at du får moglegheita til å påverke og medverke til prosessen og dei løysingane vi skal finne.