Ny prognose for folketalsutvikling mot 2050

Når ein skal gjere gode val for teneste- og samfunnsutvikling i framtida må vi ha ein peikepinn på korleis samansettinga av befolkinga vil vere. Difor ser vi på tre ulike scenario for folketalsutviklinga vår med låg, middels og høg vekst mot 2050. Det er berre prognosen for høg vekst som viser ein auke i folketalet.

Gå til prognose for folketalsutvikling mot 2050

Prognosen er delt inn på ulike måtar for å sjå korleis «skoen trykker» hovudsakleg på sektorane oppvekst/helse og velferd, frå dei tre ulike føresetnadane for folketalsutviklinga. Innbyggartalet vil nesten vere uendra dei neste ti åra, men befolkninga vår blir likevel eldre. Både Florø og Måløy vil få ei betydeleg aldring av folkemengda i løpet av framskrivingsperioden. Dette vil gjelde alle alternativ, men i minst grad «høg vekst»-alternativet som vil få eit visst tilsig av yngre aldersgrupper.

Om framskrivinga, og moglege drivarar som påverkar folketalsutviklinga

Framskrivingar vil alltid vere usikre. Generelt vil usikkerheita vere mindre ved kortare tidshorisontar. Med lange tidshorisontar må ein akseptere større usikkerheit. Kva utviklingsbane som gir den mest sannsynlege peikepinnen for den framtidige befolkningsutviklinga i kommunen vår, vil avhenge av mange drivarar som kan påverke den framtidige utviklinga. Dette kan til dømes vere konjunkturutvikling, sentralisering, arbeidsinnvandring og flyktningstraumar, lokalt næringsliv og sysselsetting, lokalisering av høgare utdanning og andre lokale aktivitetar.

Sannsynlegvis vil den faktiske utviklinga i Florø og Måløy ligge innanfor intervallet mellom «høg vekst» og «låg vekst», og Statistisk sentralbyrå peikar på «middels vekst»-alternativet som eit hovudalternativ.