Kva tenker du om utfordringane i helse- og velferdstenestene i framtida?

Illustrasjon av to barn og to eldre menneske - Klikk for stort bilete

Innan 2030 blir vi i følge prognosane 627 FLEIRE eldre enn i dag – altså i alderen 67 år og over. Dette vil påverke alle. I framtida vil vi heller ikkje klare å rekruttere nok helsepersonell som kan ta i vare dei som treng helse- og velferdstenester, etter dagens tenestestandard. Korleis handtere dette? I denne artikkelen finn du fleire dilemma – vi ønskjer dine tankar om eitt eller fleire av desse. Send oss gjerne dine innspel nedanfor, eller drøft i lag med kollegaer på eit avdelingsmøte eller liknande.

Kva seier kommuneoverlegen vår om utfordringane i helse og velferd dei komande åra?

Ei av utfordringane våre er tilgang på arbeidskraft, spesielt innan helse- og velferdssektoren. Konsekvensane av dette er at vi må ta nokre vanskelege val. Det gjeld for politikarar, helsearbeidarar, kommuneadministrasjonen, men også deg.

Tryggleik og eit godt lokalsamfunn 

Vi er alle ein del av fellesskapet – og alle har eit ansvar for å skape fellesskap.

Spørsmål til deg:

Korleis kan vi ta eit større ansvar for samfunnet vi lever i? Korleis kan vi vere inkluderande og ta vare på kvarandre?  

Ansvar for eiga helse og bu lenger heime 

Vi må planlegge fram i tid. Korleis kan vi hindre, eller utsette vårt eige behov for helse- og velferdstenester i framtida? Vi må ta ansvar for eiga helse og leve eit sunnare liv. Dersom vi er friske i pensjonsalder, har vi kanskje også større sjanse for å ta eit omsorgsansvar for andre eldre som ikkje er like heldige som oss.

Spørsmål til deg:

Kva skal til for at vi tar større ansvar for eiga helse og bustad?  

Kva med rettigheitene våre? Kva med lover, reglar og forventingar?  

Vi må tette forventningsgapet mellom dagens tenestetilbod, og kva det offentlege kan klare å levere på framover. Vi er vande med å få tenester frå det offentlege når vi har behov for hjelp. Terskelen for å tildele tenester vil auke, og det vil bli utfordrande å stette innbyggjarane sine forventningar om kva det offentlege helsevesenet kan bistå med 

Spørsmål til deg:

Har du eit forslag til korleis vi kan tilpasse eigne forventingar til desse endringane?

 Vi møter store demografiske endringar. Kva er dine tankar om korleis vi møter dei?  

Det er reelt at vi blir færre i arbeidsfør alder. Det blir færre tilsette til å ta seg av fleire som treng hjelp. Om nokre år må den same personen/ressursen ta seg av dobbelt så mange innbyggjarar som har behov for helse- og velferdstenester. Kommunane må prioritere tidsbruk og personell annleis, til dei innbyggjarane som treng hjelpa mest. 

Løysinga er ikkje berre å utdanne fleire innan helsesektoren. Vi har behov for elektrikarar, rørleggarar, mekanikarar og andre spesialiserte yrker i framtida også. 

Spørsmål til deg:

Har du eit forslag på korleis løyse gapet mellom offentleg tenestetilbod og behov for tenester? Kva er viktigast for deg?  

Kva med teknologi?  

Velferdsteknologi er ein del av løysinga. I Kinn har vi tatt i bruk fleire system som gjer at vi lettare kan samhandle internt, og bruke ressursane våre annleis. 

Helse- og velferdstenester nyttar stadig meir teknologi. Teknologi gir innbyggjarane og nye moglegheiter til å klare seg i eigen heim lengre. 

For at kommunen skal gi deg den hjelpa du treng, må du vere villig til å ta imot hjelpemiddel, og gjere tilpassingar i heimen din. Mange av desse må du ta ansvar for sjølv. Ikkje alt vert dekka av Nav hjelpemiddelsentral. 

Spørsmål til deg:

Korleis nå ut med informasjon? Korleis tilpassar vi oss?