«Kommune-NM måler fylkenes og kommunens økonomiske bærekraft og potensiale for vekst, slik sett kan en si at kåringen også måler attraktivitet for næringslivet. Kommune-NM måler ikke politikk eller næringsvennlighet direkte. Kommuner og fylker som rangeres høyt i Kommune-NM har gjerne høy yrkesdeltakelse, høy andel private jobber, en ung og kompetent arbeidsstyrke, høy næringsvariasjon og god kommuneøkonomi.»
Kinn kommune er rangert som nr. 85 i undersøkinga
Best gjer Kinn kommune det på område «Næringsliv», eit område som femnar om mellom anna variasjon i næringsstrukturen og andel sysselsetting i privat næringsliv. På denne indikatoren er Kinn ranger som nr. 42.
NHO si kommunevurdering kan du lese her
Det er stor aktivitet med mange arealkrevjande planar innan havbruk, fiskeri, maritim sektor, hamn og ny grøn industri. Utvikling av ny aktivitet knyter seg til store investeringar. Kinn kommune ynskjer å finne ut saman med næringslivet kva tilrettelegging dei treng, og korleis ein kan samarbeide med omsyn på samferdsel, areal, rekruttering av arbeidskraft, og tilrettelegging for grønt skifte.
Kommuneplanen sin arealdel og kommuneplanen sin samfunnsdel er viktige verktøy
Kinn kommune vil invitere næringslivet til å gi innspel i planarbeidet. Det er også viktig å ta «temperaturen» på næringsaktivitet i ein situasjon med lite nasjonal vekst, og utfordrande pris- og rentestigning.
Kommunedirektøren meiner at synleggjering av kraft- og energibehov for industri og næringsutvikling er særleg aktualisert den seinare tid, og må også vurderast i lys av kommunen sine oppgåver for planlegging og tilrettelegging. Kommunen kan også samarbeid med næringsliv om tilgang på regionale og nasjonale offentlege omstillingsmidlar. Det er viktig å sjå dette saman med næringslivet sine behov.
Vestland Fylkeskommune har definert 16 «hubar» der tilhøve ligg særs godt til rette for miljøvennleg og berekraftig utvikling. Grøn region Vestland har peika på to område i Kinn. Fjordbase er ein av dei. Aksello fylgjer opp dette, på same måte som Måløy Vekst fylgjer opp grøn Havhub. Eit variert, framtidsretta og innovativt næringsliv er ein føresetnad for det grøne skifte og gode lokalsamfunn.
Her kan du lese om kommuneplanen sin samfunnsdel
Her kan du lese om kommuneplanen sin arealdel