Resultat frå spørjeundersøkingar om Kinn kommune
Mellom mars og april i 2023 spurde vi 1303 personar i kommunen om kva dei meiner om å bu og leve i Kinn. Det same gjorde vi i april og mai månad 2024 med 1372 av innbyggarane. Den generelle skåren var på 60 og 62 totalt sett i dei respektive målingane.
I 2024 utførte vi ei tilsvarande undersøking med eit tilfeldig trekt utval på 1372 innbyggarar frå 18 år og eldre. Deltakarane svarte på undersøkinga i perioden 29. april til 23. mai 2024.
På hausten i 2024 hadde vi ei ny spørjeundersøking på SMS for å få tilbakemelding på høyringsutkastet til samfunnsdelen. Undersøkinga vart sendt ut til 4198 tilfeldig trekte personar, med ein svarprosent på 23 med 962 svar.
Sjå resultatet frå borgarundersøkinga 2023 her
Sjå resultat frå borgarundersøkinga våren 2024 her
Sjå resultat frå borgarundersøkinga hausten 2024 her
Innbyggarpanel 2023
Hausten 2023 gjennomførte vi i lag med Sentio Research ei kvalitativ panelundersøking rundt tilfredsheita med kommunen. Undersøkinga vart gjennomført digitalt med invitasjon på SMS. Utvalet bestod av 623 personar frå kommunen, der 457 personar svarte på undersøkinga som er ein svarprosent på 74. Intervju vart gjennomført i perioden 18. oktober til 9. november 2023.
Les resultat frå panelundersøkinga her
Næringsundersøking 2023
På oppdrag frå oss og i samarbeid med næringsforeiningane Måløy Vekst og Florø Industriforeining gjennomførte Sentio Research ei undersøking om tilfredsheit med kommunen. Formålet med undersøkinga var å kartlegge lokale bedrifter sine synspunkt på viktige utviklingstrekk i kommunen.
Her kan du lese rapporten frå Sentio (PDF, 2 MB)
Her finn du tallrapport frå undersøkinga (PDF, 5 MB)