Framlegging av kommuneplanen sin samfunnsdel og økonomiplan

I dag har kommunedirektøren presentert forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel, og lagt fram framlegg til økonomiplan og handlingsprogram 2024-2027 for Kinn kommune til formannskapet. 

Attraktivitet og omstilling

Kommuneplanen sin samfunnsdel legg opp til to hovudmål for neste 12 års periode. Attraktivitet og omstilling. Visjonen saman har vi handlekraft på kysten viser kva vi skal arbeide med og viser at det er to satsingsområde vi skal jobbe med. Kommuneplanen sin samfunnsdel vert arbeidd med å sende på høyring frå 15. desember - til 15. februar i samband med handsaminga av økonomiplanen.

Ressursrik kommune

Kommunen er særs rik på naturressursar, har variert lags- og foreiningsliv, gode framtidsmoglegheiter og eit sterkt næringsliv. Utfordringa for næringslivet er knytt til korleis handtere det grøne skifte, få tilgang på areal, dekke behovet for kraft og å skaffe fagfolk. Vi er kome langt med ein utviklande arealplan og såleis legge til rette for arealtilgang. Arbeidskraftutfordringa i næringslivet er samanfallande med kva kommunen opplever. 

Folketalsutviklinga – arbeid med integrering av flyktningar er viktig

Dei siste åra har mottak og integrering av flyktningar kompensert for andre som har flytta ut. Utan slike bidrag frå flyktningane hadde Kinn hatt færre innbyggjarar. Vi ser også ein trend med større mobilitet i aldersgruppene enn før, også godt vaksne mellom 40 og 70 flyttar meir enn før, og også ut av kommunen.

Omstilling – skape ein attraktiv kommune

Vi veit at vi blir fleire eldre og færre barn. Eit viktig grep er å satse på byane med lokalisering av kommunale tenester. Fortetting vil skape ein attraktiv kommune. Dette gjev færre bygg å drifte. Vi omtalar dette som «10 minuttars byen». Det er likevel ikkje slik at vi ikkje har arealpolitikk andre stader i kommunen, men kommunale tenester, bør i større grad lokaliserast til færre bygg. Område for bustader, næring, og fritid er sett av i grendene (kommuneplanen sin arealdel)

Vi treng tenlege bustader i sentrum av byane for eldre. Her må vi samarbeide med næringslivet for å realisere slike planar. 

Med færre skulebarn kjem vi til å få stor overkapasitet i skulebygga våre om vi ikkje gjer endringar i struktur og krinsgrenser. Vi har tilgjengeleg meir enn 3000 elevplassar, men vil gå ned til 1800 elevplassar i løpet av dei neste åra. Fleire av skulane våre har dessutan stort oppgraderingsbehov. Både økonomiplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel legg opp til færre skular, for å tilpasse oss lågare elevtal og sleppe rehabilitering av gamle skulebygg.

Endra skulestruktur

Framlegga i økonomiplan og kommuneplanen sin samfunnsdel baserer seg på å fase ut Stavang, Skavøypoll, Krokane og Raudeberg innan 2026/27. Som grunnlag til planarbeidet er det gjort ei konsekvensvurdering med omsyn på føremoner og ulemper av eit slikt framlegg til ny skulestruktur. Grepa inneber at vi gjer det mogleg å oppnå den økonomiramma som kommunestyret har fastsett. Budsjett og investeringsprogrammet til Florø barneskole og Skram skule (400 elevar) er tilpassa framtidig elevtalsutvikling og skulestrukturen. Foreløpige utrekningar viser innsparingar på årleg 21 mill. kr. på skulestrukturgrepa.

Vi meiner vi skapar ein attraktiv kommune med desse grepa. Vi skaper derimot ikkje gode nok skular og ein attraktiv kommune med å årleg redusere løyvingar som følgje av færre elevar. Vi legg også vekt på å kunne gje likeverdige tenester til elevane våre noko vi oppnår med færre skular.

For tilbodet til eldre ønskjer vi også å prioritere bustader og institusjonar for å tilpasse «10 minuttarsbyen». Det viktigaste prosjektet er bygging av ny institusjon i Florø sentrum, som samlokaliserer helse- og omsorgstilboda i denne delen av kommunen. Her byggjer vi også ein fleirfagleg arena som er den viktigaste faktoren for rekruttering og bygge opp kapasitet for å møte fleire eldre. 

Økonomiplan- og budsjett legg ikkje opp til store drifts- og personalmessige nedtrekk på omsorgssektoren. Men vi har likevel ikkje nok ressursar til å møte fleire eldre på same måte som vi gjev tenester på i dag. Innbyggjarane må i størst mogleg grad ivareta eiga helse, alderdom og bustad. Dessutan må vi aktivisere frivillige til å hjelpe oss. Vesentleg fleire eldre krev ei endring i tildeling av tenester og bruk av velferdsteknologi, som må løysast gjennom revisjon av dette planverket. Økonomiplanen byggjer på realisering av ny institusjon innan 2027.

Utfordringar med å oppnå balanse

Alle tenester er gjennomgått med utgangspunkt å redusere kostnader i samband med denne budsjetthandsaminga. Det er utfordringar med å få balanse i budsjettet som følgje av større renteutgifter og investeringskostnader. 

I administrasjonen jobbar vi for å redusere tal stillingar med 20 årsverk. Vi jobbar også med å hente ut gevinst av IKT, m.a. gjennom å arbeide for samanslåing av Nordfjordnett og SYSIKT. Vi optimaliserer tilbod innan barnehage og har ikkje lagt inn midlar til vidareføring av tilbod om barnehageplass til barn utan rett til plass. Innan kulturfeltet er det også gjort budsjettilpassingar. Eigedomskatt er auka, men omsynteke ein sosial profil. Det er særleg auka renteutgifter som bidreg til ubalanse og utfordringane med å setje saman eit tilfredsstillande budsjett.

Mvh Øyvind Bang-Olsen
Kommunedirektør