Open kafè i Eikefjord på Allhuset

fredag 10. mai 2024, 11.00 - 14.00

Informasjon

Bli med på open kafè i Eikefjord. Gratis og ope for alle, kvar fredag. 

Nokon gongar kjem KF Bordgleder med suppe og brød eller anna god mat. Nokon gongar blir det enkle kulturelle innslag og allsong. Men det viktigaste er den gode praten rundt bordet, med kaffi og noko attåt. Heilt gratis. Alle er velkomne!

Det er frivillige organisasjonar i Eikefjord og omegn som samarbeidar om å arrangere dette fine tilbodet. Dette er: Sunnarvik sanitetsforening, Langedal og Storebru sanitetsforening, Standal sanitetsforening, Røde Kors besøkstjenesta i Eikefjord, Eikefjord bondekvinnelag og Eikefjord pensjonistlag.

Aktiviteten er tilrettelagt av Kinn kommune v/LEV VEL og Florø frivilligsentral, der midlane kjem frå Gjensidigestiftelsen. 

Stad

Eikefjord
 

Kontakt

Ressursgruppe for frivillighet
Florø: Markegata 51, 6905 Florø Måløy: Gate 1 nr. 120, 6700 Måløy ,  6701 Måløy

Tlf.: 90222692

E-post : bente.nilsen@kinn.kommune.no

Bente Nilsen

Mobil : 90222692

E-post : bente.nilsen@kinn.kommune.no

Legg til hendinga i din kalender