Retningsliner for handtering av vald og truslar på arbeidsplassen

3. Mindre skader og hendingar

En del skader er av ein slik art at det ikkje er aktuelt med legebehandling eller sjukmelding. Ein eller fleire slike skader/hendingar kan likevel medføre skader på kort eller lang sikt, kanskje særleg på det psykiske planet. 

Det er difor viktig at også slike hendingar vert registrert og følgt opp. 

Hendingsrapport – truslar og vald, vedlegg D (PDF, 47 kB) 

Oppfølging av tilsette som i sitt arbeid er utsett for mindre hendingar/skader er viktig. Det er tenesteleiar sitt ansvar at også desse får oppfølging i form av samtalar og eventuelt vert vist vidare i systemet. Tenesteleiar bør utvikle eigne prosedyrar for førebygging og oppfølging på dette området.  Det er spesielt viktig å vere merksam på tilsette som gjennom arbeidet sitt kan bli utsett for slike hendingar ofte og over lengre tid.