Innleiing
Definisjonar:
Vald og truslar på arbeidsplassen:
Hendingar der arbeidstakar blir trakassert, utskjelt, trua eller gått til åtak på i situasjonar som kan ha samband med deira arbeid, og som inneber ein openbar eller tilslørt trussel mot deira tryggleik, helse eller velvære.
Trussel:
Eit verbalt åtak eller handling som tar sikte på å skremme eller skade ein person.
Vald:
Fysisk eller psykisk skade på ein person. Vald er også skadeverk på innventar og bygning.
Krisehandtering:
Kvar teneste bør utarbeide ei tryggleiksprosedyre som skal innehalde 3 aspekt:
- førebygging, det vil seie tryggleikstiltak som ein gjer for å trygge dei tilsette mot truslar og vald
- ein plan for krisehandtering
- rutinar for oppfølging etter den aktuelle krisesituasjonen
Lover som er aktuelle:
Arbeidsmiljølova § 4-3 krav til det psykososiale arbeidsmiljøet seier at arbeidstakar skal, så langt det er mogleg, beskyttast mot vald, truslar og uheldige belastingar som følgje av kontakt med andre.
Arbeidsmiljølova:
§ 4-1 Generelle krav
§ 4-6 tilrettelegging
§ 2-1 arbeidsgjevars pliktar
§ 2-3 arbeidstakars medvirkningsplikt
§ 6-2 verneombod sine oppgåver
§ 7-2 AMU oppgåver
§ 3-3 Bedriftshelseteneste
§ 3-1 krav til systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid
Føremålet med retningslinene:
Føremålet er at desse kan brukast når det gjeld handtering av vald og truslar.
Retningslinene inneheld:
- Førebygging – forslag til moment som ei verksemd bør vurdere
- Plan for handtering og oppfølging av krisesituasjonar
- Mindre skader og hendingar