2. Rutine for handtering og oppfølging av krisesituasjonar
Det skal vere utforma ein handlingsplan som inneheld dei vurderingar og tiltak ein ser som naudsynt ved handtering av ein krisesituasjon.
Tidsramme
|
Tiltak
|
Ansvarleg
|
Straks
|
Vurdere grad trussel/skade/krise
- Psykisk og fysisk førstehjelp
- Tilkall ambulanse, legevakt
- Evt. følgje til legevakt, vurdere tilkalling av politi
|
Alle
Alle/Tenesteleiar
Nær person
Tenesteleiar/alle
|
Deretter
|
- Samle personalet
- Støtte til tilsett som opplevde situasjonen
|
Tenesteleiar
Tenesteleiar
|
0-72 time etter hendinga
|
- Varsle tenesteleiar
- Arbeidstilsyn
- HMS ansvarleg i kommunen
- Verneombod
- Skjerme tilsette for media
- Følgje tilsette til politiavhøyr
|
Tenesteleiar
|
3 timar etter hending
|
- Yt psykisk og fysisk førstehjelp
- Informasjon til pårørande
- Uformell samling av dei tilsette som er tilstades på arbeidsplassen med informasjon.
- Om slik samling ikkje er mogleg, må ein informere tilsette
- Informasjon til tilsette som ikkje er på jobb.
- Tilsette følgjast heim.
- Om mogleg skal ein ikkje vere aleine først døgnet.
|
Tenesteleiar/nær person Den tilsette sjølv, evt.
Tenesteleiar
Tenesteleiar/avdelingsleiar
Tenesteleiar/avdelingsleiar
Tenesteleiar
|
|
- Etablere kontakt med familie/vener.
- Utdeling av skriv om vanlege reaksjonar etter trussel- og valdssituasjon (vedlegg A
|
Nær person/familie/vener Den tilsette sjølv, evt. tenesteleiar
|
Neste dag eller innan
3 døgn
|
Debriefing/bearbeiding av hending:
Gruppa:
- ved alvorlege hendingar - Debriefing
- mindre alvorlege hendingar - Gruppesamtalar
Individuelt:
- Samtalar med leiar
- Tilbod frå leiar om individuell psykologisk oppfølging (vedlegg B)
Leiar:
- Samtale med overordna leiar
- Tilbod frå overordna leiar om individuell psykologisk oppfølging
|
Tenesteleiar
Tenesteleiar
Tenesteleiar
Personalsjef/BHT
Tenesteleiar/personalsjef/BHT
|
Praktisk oppfølging:
Utfylling av skademeldingsskjema, evt andre lokale melderutinar, evt. politimelding.
På sikt, inntil 3 mnd.
|
Langtidsoppfølging
- Faste samtalar mellom den som har vore utsett for hending og leiaren
- Diskusjon om følgjer av drifta, ny risikoanalyse, evt. endring av rutinar
|
Tenesteleiar
Tenesteleiar saman med HMS-ansvarleg.
|
Handtering av krisesituasjonar - utfyllande kommentarar
Straks
Naudsynte vurderingar:
- Yte psykisk og fysisk førstehjelp samt skjerme og støtte den som har vore utsett for hendinga
- Avhengig av graden av alvor, tilkalle:
- Ambulanse
- Politi
- Tenesteleiar/kommunedirektør/kommunalsjef
- Personale
- Varsle arbeidstilsynet (jfr. AML § 21.vedlegg E) Verneombodet.
Handtering av media:
- Dei tilsette som har vore utsett for hendinga skal skjermast for media. Det same gjeld kollegaer .
- Tenesteleiar må i samråd med kommunalsjef og kommunedirektør bestemme kven som skal gi informasjon til media.
- Om hendinga er så alvorleg at politiet vert tilkalla, skal berre politiet stå ansvarleg for informasjon til media om sjølve hendinga og skadeomfanget.
Tidleg - innan tre timar etter hendinga
- Tenesteleiar skal først og fremst ta seg av den eller dei som har vore utsett for trussel- / valds- situasjonen eller nestenhendinga.
- Ved alvorlege hendingar bør pårørande informerast før presse- og media omtale. Om tilsette er i stand til det, bør dei sjølv varsle sine eigne. For tilsette som ikkje sjølv kan ta kontakt, må leiar gi informasjon til pårørande om kva som har hendt og kva som skal skje vidare, samt dele ut notatar om krisereaksjonar (sjå vedlegg A).
Når situasjonen har roa seg, samlar tenesteleiar alle dei tilsette og går gjennom hendinga:
- Kva har skjedd?
- Kven har vore involvert?
- Kva er blitt gjort frå helsepersonell/politi/arbeidstilsynet si side?
- Kort skissere planar for vidare bearbeiding i personalgruppa
- Handtering av og skjerming mot media
- Informasjon til pårørande
Det kan vere tenleg at samlinga endar opp i ei uformell samtale om kva som har hendt. Den følelsesmessige støtta av å vere saman kan vere bra for dei tilsette.
Det er viktig at kritikk mot enkeltpersoner, skylddeling og utpeiking av syndebukkar blir stoppa. Kritisk evaluering må kome i ei seinare fase. Om tenesteleiar ønskjer bistand, kan Bedriftshelsetenesta eller HMS-ansvarleg i Kinn kommune bli kontakta for råd om gjennomføringa av den uformelle samlinga.
- Personar som har vore utsett for hendinga, bør ikkje vere åleine det første døgnet. Tenesteleiar bør difor sjå til at vedkommande har familie, vener eller kollegaer hos seg.
Krisestab kan settast i Kinn og bidra ved handtering av krisesituasjonar. Ved alvorlege hendingar/trusselsituasjonar bør ein ta kontakt med HMS-ansvarleg i kommunen.
Neste dag - eller innan 3 døgn etter hendinga
Tenesteleiar må saman med kommunalsjef/kommunedirektør avgjere kva slags tiltak som skal settast i verk. Tenesteleiar må informere dei tilsette om kva slags tiltak som blir iverksett, og eventuelt tid og stad for samlingar.
Oppfølging av gruppa
- Debriefing ved alvorleg hending
Debriefing er ein bestemt metode der ein samlar dei tilsette som har vore saman om ei traumatisk hending, for å bearbeide opplevinga på ein systematisk måte. Å gjennomføre debriefinga vil være å yte dei involverte psykisk førstehjelp.
Debriefinga vert leia av personar med kompetanse i metoden. (til dømes vaksenpsykiatrien/ bedriftshelsetenesta.
Kriteria for å gjennomføre debriefing:
- Alvorlege hendingar kor det er brukt våpen eller vald
- Alvorleg trusselsituasjon
- Når tilsette uttrykkjer behov for å bearbeide hendinga saman med kollega
Om tenesteleiar er i tvil om det bør gjennomførast debriefing, kan Personal eller BHT kontaktast.
- Debriefing bør gjennomførast innan 3 døgn etter hendinga. Før denne gjennomføringa skal det første sjokket ha lagt seg, og det vil difor vere hensiktsmessig å vente til neste dag. Om det ikkje er mogleg å gjennomføre debriefing innan 3 døgn, og det fortsatt er trong for å gjennomføre debriefing, er 3-døgns-grensa rettleiande, ikkje absolutt.
- Fagpersonar med kompetanse i metoden, skal bistå tenesteleiar i gjennomføringa av debriefinga. Det bør avklaras så tidleg som mogleg kven denne personen er.
- Alle involverte skal delta på debriefinga.
- Gruppesamtale ved mindre alvorleg hending:
- Om hendinga ikkje har vore av så alvorlig karakter at det er naudsynt med debriefing, bør ein vurdere andre tiltak, som ei samling av dei tilsette. Ei samling kan innehalde ein gjennomgang av hendinga, slik at dei involverte får ei oversikt over hendingsforløpet.
- Ved gruppesamtale utan fagpersoner til stades, må ein vere forsiktig med å opne opp for ein inngåande gjennomgang av dei følelsesmessige reaksjonane og fantasiar. Det betyr ikkje at naturlege følelsemessige reaksjonar som uttrykkast skal bli stoppa, men tenesteleiar bør ikkje oppmuntre til at tilsette skal seie noe meir om sine følelsar enn kva den tilsette sjølv tek initiativ til.
- Om det skulle vise seg at deltakarar i samtalegruppa uttrykkjer eit behov for i fellesskap å gjennomgå sine følelsesmessige reaksjonar bør debriefing igjen vurderast.
- Oppfølging enkeltpersonar
- Etter at ein har vore utsett for ein krisesituasjon, kan forsvarsmekanismane svekkast. Det er viktig at alle tilsette får høve til å snakke med utanforståande, som både kan handtere reaksjonane profesjonelt, og som ein ikkje treng å forholde seg til i arbeidssituasjonen.
- Personar som har vore utsett for trussel- eller valdshending, skal få tilbod om samtale med BHT. Tenesteleiar tek dette opp i ei samtale med den tilsette, men skal i tillegg gi tilbod skriftleg. (sjå vedlegg B). Dersom den tilsette vel å ikkje ta imot tilbodet, bør tenesteleiar lage eit notat om dette for dokumentasjon, fortrinnsvis med underskrift av den tilsette.
- BHT følgjer opp enkeltpersoner som har vore utsett for trussel- eller valdssituasjon. Dei kan hjelpe med å bearbeide hendinga, samt vurdere vidare psykologisk hjelp. Tilbodet skal kome i tillegg til innføring av rutine for bearbeiding av hendinga.
- På sikt – inntil 3 månader
Tenesteleiar har ansvar for påfølgjande samtaler med dei tilsette som har vore involvert i hendinga.
Tenesteleiar må bidra til tilstrekkeleg bistand for bearbeiding av hendinga er blitt gitt. Kva slags tilbod om bistand som er blitt gitt, bør dokumenterast.
Oppfølging av enkeltpersonar
- Om den som har blitt utsett ikkje har mottatt bistand til å bearbeide hendinga og ikkje er i stand til å utføre arbeidet sitt, bør leiar igjen ta kontakt med den tilsette og tilby samtale med BHT. Dette gjeld om reaksjonane held fram med uminska styrke utover dei første vekene, reaksjonen aukar i intensitet eller den tilsette vesentleg endrar sin måte å vere på.
- Tenesteleiar må i samråd med den som har vore borte frå arbeidet, vurdere ei tilbakeføring til, og mogleg tilrettelegging av arbeidet. Til dømes kan ein vurdere andre arbeidsoppgåver som er mindre kjenslemessig tyngande, ei gradvis tilbakeføring til tidlegar arbeidsoppgåver, arbeid saman med andre, ikkje vere aleine, osb.
- Det er viktig at leiar og andre tilsette er førebudd på at tilbakeføring til fullt funksjonsnivå kan ta lang tid sjølv om ein ikkje har utvikla seinskader.
Bruk sjekkliste, sjå vedlegg C (PDF, 65 kB)