Planarbeidet omfattar areal i sjø. Planavgrensing er synt i vedlagt kart. Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Fjord Base AS.
Formålet med planarbeidet er å utarbeide ein detaljreguleringsplan for sjøarealet som ligg i tilknyting til regulert kaiområde nord på Naustholmen. Gjeldande plan for Naustholmen frå 2018 (planid: 140120160103) opnar for etablering av kai i forbindelse med det regulerte industriarealet på Naustholmen, men det tilknytte sjøarealet nord for Naustholmen er ikkje regulert for ferdsel i sjø/hamneaktivitet. Hensikten med planarbeidet er å legge til rette for ferdsel i sjø og hamneaktivitet, slik at regulert kaianlegg på Naustholmen kan få formålstenleg bruk.
Det er ingen gjeldande reguleringsplan for det aktuelle planområdet i sjø
I kommuneplanens arealdel 2017-2027 for Kinn kommune (Planid.: 140120140001), vedteken 2017, er planområdet avsett til Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone jf. § 11-7 nr 6. Planområdet er også omfatta av angitt omsynssone H560_1 Bevaring naturmiljø og delvis omfatta av bandleggingssone H710_2 Bandlegging for regulering etter pbl., jf. føresegnene til kommuneplanen.
I tilgrensande og gjeldande reguleringsplan for Naustholmen (Planid.: 140120160103) er det lagt til rett for industriføremål. Denne planen legg til rette for etablering av kaianlegg innan for dette føremålet. Ny reguleringsplan for hamneaktivitet vil opne for at kaikonstruksjonar kan plasserast innanfor hamn-/ferdselsføremål.
Grunngjeving av konsekvensutgreiing
Det vart gjennomført oppstartsmøte med Kinn kommune den 11.03.2025. I samråd med Kinn kommune er det vurdert at planforslaget fell inn under vedlegg II punkt. 13 i Forskrift for konsekvensutgreiingar. Det er difor gjort en vurdering av om planen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn jf. §8 (punkt a) og §10.
Vassmiljø og marint naturmangfald er einaste tema som er vurdert som avgjerslerelevant å konsekvensutgreie i medhald av miljødirektoratets rettleiar M1941.
Samstundes vert det utarbeidd notat som vedlegg til reguleringsplan for plantema transport på sjø, stormflo og bølgjer (i medhald av TEK 17) og Risiko – og sårbarheisanalyse (i medhald av pbl. § 4-2). Verdivurdering og vurdering av verknader for landskap, friluftsliv, områdestabilitet og berekraft vert særskilt omtalt i planomtala. Terrestrisk naturmangfald, kulturminne, klimagassutslepp, støy, luftforureining, forureina grunn og transport på land er vurdert som ikkje avgjerslerelevant, og vert berre kort omtalt i planomtala.
Medverknad i planprosess
Planprosess, samarbeid og medverknad vert utført i medhald til krava i plan- og bygningslova med varsel om oppstart og høyring av reguleringsplanforslag (jf. pbl §§ 12-8 og 12-11). Informasjon om planarbeidet vert lagt ut på Kinn kommune si heimeside, sjå tilvising. Der finn ein også planinitiativ og referat frå oppstartsmøte.
Arbeidet er i oppstartsfasen. Vi er i gang med å registrere og samle inn opplysningar for planarbeidet. Målet er å oversende planframlegget til Kinn kommune for handsaming i juni/juli 2025. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfredsstillande.
Detaljreguleringsplanen er tenkt å femne om:
- Reguleringsplankart med tilhøyrande planføresegner, jf. § 12-3 i plan – og bygningslova.
- Planomtale som klargjer innhald og planen sine vesentlege konsekvensar i høve miljø, samfunn og rørte partar, interesser og omsyn i samsvar med § 4-2 i plan – og bygningslova.
- Risiko – og sårbarheitsanalyse (ROS) som vert utarbeidd i samsvar med § 4-3 i plan – og bygningslova.
- Konsekvensutgreiing (KU) for vassmiljø og marint naturmangfald
Nødvendige utgreiingar med vurdering av:
- Transport til sjøs
- Stormflo og bølgjer
Kunngjering
Planarbeidet vert kunngjort i avisa Firdaposten den 27.03.2025. I tillegg vert planavgrensing og referat frå oppstartsmøtet lagt ut her.
Medverknad og høyringsfrist
Fagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov i planprosessen.
Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til Norconsult Norge AS innan 02.05.2025.
Kontaktinformasjon
· Post: Norconsult AS, Postboks 514, 6803 Førde
· E-post: Arne.kringlen@norconsult.com
· Tlf.: 95117875
Vedlegg