Send oss innspel via elektronisk skjema
Les samfunnsplanen her
Litt innsikt som kan gjere det lettare for deg å kome med innspel
Visjonen vår: Saman har vi handlekraft på kysten
Vi har sett oss 8 hovudmål som treff på dei tre berekraftsdimensjonane: økonomi, miljø og sosiale forhold. For å løyse dei store utfordringane vi står overfor, treng vi di hjelp. Ditt engasjement er avgjerande for at vi skal klare å skape ein attraktiv og omstillingsdyktig kommune.
Korleis kan vi skape levande og samskapande lokalsamfunn?
Vi vil at det skal vere godt å bu, besøke og drive næring i Kinn. Vi satsar på utvikling av "10-minuttbyen", der alt du treng er innan 10 minutt gang-, sykkel- eller bilavstand. Byane våre skal vere levande, med mangfald innan bustad, næring, service og møteplassar. Korleis skal vi saman få dette til?
- Kvar er dei gode møteplassane?
Del dine favorittplassar i lokalsamfunnet og fortel oss korleis vi saman kan gjere dei endå betre. Eller har du kanskje idear til å etablere nye møteplassar? - Korleis er du med på å skape levande og samskapande lokalsamfunn?
Bidra med idear til andre fellesskap, lokalsamfunn og naboskap i kommunen. - Korleis kan vi hjelpe kvarandre?
Kva er du villig til å hjelpe andre med? Kva kan andre i ditt lokalsamfunn hjelpe deg med?
Korleis kan vi sikre ein velfungerande bustadmarknad?
Ein variert og tilgjengeleg bustadmarknad er essensiell for å sikre at Kinn er ein attraktiv kommune å bu i. Vi må ha eit mangfald av bustadar til både eige og leige, og bør legge til rette for bygging i sentrum, for å auke mobilitet og tilgjengelegheit. Korleis kan vi jobbe saman for å realisere dette?
- Kva behov har du?
Del dine behov og preferansar for bustad i dag og når du vert eldre. - Korleis kan vi saman skape bu- og nærmiljø slik at eldre kan bli buande heime?
Kom med innspel til korleis vi saman kan legge til rette for at eldre kan bu heime så lenge som mogleg. - Korleis kan vi samarbeide?
Bli med i dialogen med næringslivet for å skape ein framtidsretta bustadmarknad. Kan vi til dømes skape bufellesskap der yngre og eldre bur på same plass og hjelper kvarandre i kvardagen?
Korleis kan vi oppnå berekraftig forbruk og reduksjon i klimagassutslepp?
Vi står overfor store klima- og miljøutfordringar. Målet vårt er å halvere klimagassutslepp ved å redusere forbruket av naturressursar og energi. Vi ønskjer også å styrke naturmangfaldet, som aukar klimagassopptak og karbonlagring. Men korleis kan vi saman nå desse måla?
- Kva kan du gjere?
Del med oss korleis du støttar og deltar i initiativ for resirkulering, gjenbruk og energisparing. - Har du idear?
Del forslag til korleis vi kan redusere forbruket i kvardagen vår. - Kva meiner du om arealstrategien vår?
Vil du engasjere deg i tidleg innbyggarmedverknad for å sikre berekraftige løysingar?
Slik kan du bidra:
Kvifor medverknad?
Ved å samskape med deg, frivillige, kunnskapsmiljø og næringsliv, sikrar vi at alle røyster blir høyrde og at vi tek dei beste vala for framtida vår.
Saman kan vi skape ein inkluderande og levande kommune for alle!
Du er hjarteleg velkomen til å delta og bidra med dine synspunkt, innspel og idear!
Ulike typar medverknad i prosessen med ny samfunnsdel