Korleis kan eg påverke politikken i Kinn kommune?

Har du gode idear og innspel, og har lyst til å vere med å påverke politikken i Kinn kommune? Vi vil gjerne høyre frå deg!

Ønskjer du kontakt med ein politikar? 

Nedanfor finn du kontaktinformasjonen til alle medlem og varamedlem i Kinn kommunestyre, samt informasjon om kva parti den einskilde representerer. Du kan også sjå ei oversikt over gjennomførte møter, og komande møter.

Sjå kontaktinformasjon for dei folkevalgte

Ønskjer du kontakt med eit politisk utval?

I møteplanen vår finn du alle dei politiske utvala i Kinn kommune, samt styrene i dei kommunale føretaka. Her kan du sjå dato for planlagte møter, samt sjå saksdokument og møtebøker for gjennomførte møter. Dersom du ønskjer kontaktinformasjon og meir informasjon om eit utval, kan du klikke på namnet på utvalet du ønskjer meir informasjon om.  

Alle våre politiske møter er opne, og du er velkomen til å møte opp fysisk, eller følgje møtene våre digitalt. 

Sjå vår politiske møteplan her

Har du innspel til nokon av våre høyringar og kunngjeringar? 

På heimesida vår finn du alle høyringar og kunngjeringar frå kommunen. Om du har merknadar eller innspel til nokon av desse vil vi gjerne høyre frå deg. Du kan enkelt sende inn dine merknadar via vårt elektroniske høyringsskjema, via e-post eller per post til kommunen. 

Sjå alle våre høyringar og kunngjeringar her

Har du ei sak du ønskjer å fremje? 

Dersom du har ei sak du ønskjer politikarane skal handsame eller meine noko om, kan du fremje saka di via MinSak.no. Dersom du samlar inn underskrifter frå minst to prosent av innbyggartalet, eller minimum 300 underskrifter, må kommunestyret handsame saka di.

Du kan også melde inn saker til fylkeskommunen. Då treng du 500 underskrifter frå innbyggarar i fylket.

Sjå meir info om Min Sak her

Oversikt over gruppeleiarar for dei ulike partiene i Kinn kommune

Høgre: Mats Brunsvik, tlf. 480 09 960, e-post: mats.brunsvik@gmail.com
Arbeidarpartiet: Silje Ødegård Standal, tlf. 476 89 092, e-post: siljestandal@hotmail.com
Frp: Frank Willy Djuvik, tlf. 926 26 976, e-post: frank.willy.djuvik@kinn.kommune.no
Raudt: Daniel Henriksson, tlf. 482 50 973, e-post: danielhenriksson1891@hotmail.com
Senterpartiet: Sidsel Kongsvik, tlf. 971 46 665, e-post: sidkongs@online.no
Venstre: Hilmar Eliasson, tlf. 966 27 988, e-post: hie@ivestconsult.no
Industri- og Næringspartiet: Lillian Brattholmen, tlf. 957 63 403, e-post: lbratho@online.no
SV: Jon Valur Olafsson, tlf. 950 26 925, e-post: jon.valur.olafsson@gmail.com
KRF: Gustav Johan Nydal, tlf. 481 67 891, e-post: gjn@multi-maritime.no