MinSak

Har du ein sak du ønskjer politikarane skal handsame eller meine noko om? Då kan du fremje saka di via MinSak.no. Dersom du samlar inn underskrifter frå minst to prosent av innbyggartalet, eller minimum 300 underskrifter, må kommunestyret handsame saka di.

Du kan også melde inn saker til fylkeskommunen. Då treng du 500 underskrifter frå innbyggarar i fylket.

Gå til MinSak.no

Korleis gjer eg det?

Det er i hovudsak tre ting du må gjere:

  1. Opprette ei sak
  2. Samle underskrifter
  3. Få saka vurdert av kommunestyret

Du går inn på heimesida til MinSak og oppretter ein brukar. Derifrå kan du starte med å legge fram saka di. Når du har gjort dette kan du velje kor lenge underskiftskampanjen skal ligge ute, men ikkje meir enn 12 månader. Samlar du inn nok underskrifter kan du godkjenne at MinSak sender saka til kommunen. Du får stadfesting og kopi på e-post av det du har sendt inn.

Kommunestyret må då handsame saka di – men det er ikkje noko garanti for at du får utfallet du ønskjer.

Kva type saker kan eg fremje?

Du kan fremme saker som gjeld kommunen eller fylkeskommunen si verksemd. Det kan vere oppgåver som kommunen eller fylkeskommunen er engasjert i, både lovpålagte og frivillige oppgåver.

Du kan lese meir om retningsliner for saker du kan fremje på MinSak.no.

Kor tid må kommunestyret handsame saka?

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at den har fått nok underskrifter. Det er eitt unntak frå denne fristen. Fristen på seks månader gjeld ikkje viss saka vert vist til handsaming i samband med ein pågåande plansak etter plan- og bygningslova.

Treng du inspirasjon til ei sak?

Lurar du på saker du kan spele inn til kommunestyret? Då kan kanskje hente inspirasjon frå aktive saker som ligg på MinSak.no.