Tilbod om influensa- og koronavaksinering sesongen 2024/25Lytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune tilbyr influensa- og koronavaksinering for alle personar frå 65 år og eldre, samt alle som tilhøyrer risikogrupper.Vaksineringa vil skje vedLegegruppa SMS i FlorøDato: Onsdag 23. oktober og torsdag 24. oktoberTid: Kl. 16.30 - 19.00Telefon: 57 75 80 00Måløy legekontorDato: Måndag 21. oktober og torsdag 24. oktoberTid: Kl. 16.30 – 18.30Telefon: 57 84 52 30Les meir om vaksinering på Måløy legesenter si heimesideTimebestillingDu kan bestille time på helsenorge.no:Logg inn med BankID.Vel "Bestill time".Vel "Vaksine" i staden for fastlegen din.Finn eit ledig tidspunkt.Skriv i kommentarfeltet om du ønskjer begge vaksinar eller berre éin.Dersom du ikkje kan bestille digitalt eller bestiller for andre, kan du kontakte legekontoret i vanleg opningstid på telefon.På vaksinasjonsdagenMøt opp 5–10 minutt før avtalt time.Personalet vil vise deg til vaksinasjonsstasjonen.Etter vaksinering må du vente 20 minutt til observasjon.For å gjere plass til andre, ber vi om at du forlèt legekontoret når observasjonstida er over.Pris:Influensavaksine: 250 kronerKoronavaksine: gratisKven bør vaksinere seg?KoronavaksineOppfriskingsdose er anbefalt for:Personar 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.Personar 18–64 år i risikogrupper.Ungdom 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom.Born 6 månadar–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter vurdering frå lege.Gravide i 2. og 3. trimester (1. trimester ved tilleggssjukdomar).Les meir om koronavaksine og risikogrupper på FHI.InfluensavaksineAnbefalast for:Alle over 65 år.Gravide frå veke 12, og i 1. trimester med tilleggsrisiko.Premature born (særleg før veke 32) frå 6 månadar til 5 år.Personar med:Kronisk lungesjukdom.Hjarte- og karsjukdom.Diabetes type 1 og 2.Leversvikt eller nyresvikt.Nevrologisk sjukdom eller skade.Nedsett immunforsvar.Alvorleg overvekt (KMI over 40).Anna alvorleg sjukdom etter legevurdering.Les meir om influensavaksine og risikogrupper på FHI.AndrePersonar utanfor risikogruppene som ønskjer vaksine, kan kontakte lokalt apotek. Publisert 16.10.2024 11.14 Sist endra 16.10.2024 11.14