Kinn Kommune

Aktuelt

25.05.2022 08.32

Søknad om barnehageplass 2022-2023

Søknad om barnehageplass 2022-2023

Du kan no søkje om barnehageplass til nytt barnehageår som startar 15.08.2022. Søknadsfrist er 15. februar.

Barn som fyller 1 år i løpet av november 2022 har rett til barnehageplass. NB! For å oppfylle retten til plass, må det søkjast om barnehageplass til hovudinntaket.   

Informasjon og søknadsskjema

Dokumentasjon som skal følgje søknad til barn som har prioritet til barnehageplass etter barnehagelova § 18, må sendast til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

  • Barn som har barnehageplass, skal det ikkje søkjast om plass for.
  • For barn som skal endre barnehageplass mellom barnehagar, må det søkjast om barnehageplass for.  

Barnehageplassar vert tildelt i samsvar med Lov om barnehagar m/forskrifter og vedtekter for kommunale barnehagar i Kinn kommune.

Søknadsfrist til hovudinntak til barnehageåret 2022-2023 er 15.02.2022.