Søknad om barnehageplass 2025-2026

Du kan no søkje om barnehageplass til nytt barnehageår som startar 18.08.2025. Søknadsfrist er 15. februar.

Barn som fyller 1 år i løpet av november 2025 har rett til barnehageplass. For å oppfylle retten til plass må du søke om barnehageplass til hovudinntaket.   

Informasjon og søknadsskjema

Dokumentasjon som skal følgje søknad til barn som har prioritet til barnehageplass etter barnehagelova §18, må sendast som brevpost til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy.

  • Barn som har barnehageplass, skal det ikkje søkjast om plass for.
  • Barn som skal endre plass frå ein barnehage til ein annan må søke om dette innan 15. februar 2025.  

Barnehageplassar vert tildelt i samsvar med Lov om barnehagar m/forskrifter og vedtekter for kommunale barnehagar i Kinn kommune.

Søknadsfrist til hovudinntak til barnehageåret 2025-2026 er 15.02.2025.