Ordføraren vår oppsummerer gårsdagens formannskapsmøte

I formannskapet i går fekk politikarane friske presentasjonar frå store aktørar i næringslivet, og frå kommunen sine eigne næringsselskap. Hør ordførar Bengt Solheim-Olsen si oppsummering her!

Kva seier næringslivet og vekstselskapa om framtida?

Næringsverksemdene ønskjer å tilpasse seg den grøne omstillinga, noko dei konstaterer krev areal satt av til næring. På same tid som dette byr på utfordringar, ligg der mykje potensiale for vekst. Både Fjord Base og Havlandet sine planar skal leggast fram for politikarane den komande tida. Men dei seier sjølv at planane vil føre til auka verdiskaping lokalt. I tillegg kjem planar om containerhamn på Måsholmen. Hub for Ocean og vekstselskapa sjølv har god oppfølging med lokale næringsverksemder, og bidreg til å skape eit godt grunnlag for verdiskaping.

Sjå presentasjonane live i opptaket frå gårsdagens formannskapsmøte i lenka nedanfor. Eller sjå presentasjonane deira lenger nede.

Opptak frå presentasjonane

Powerpoint-presentasjonar