Næringslivsseminar i Kinn: Saman for verdiskaping og framtidig sysselsetting

Torsdag førre veke inviterte vi næringslivet til seminar for å diskutere korleis vi kan samarbeide om å gjere Kinn til ein attraktiv og omstillingsdyktig kommune. Om lag 15 verksemder møtte for å diskutere løysingar på felles utfordringar som angår både næringslivet og kommunen.

Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen starta med å orientere om utfordringsbildet for kommuneorganisasjonen, og korleis dette også får konsekvensar for samfunnet og næringslivet i heilskap. Ei avsluttande poengtering i innlegget var at vi i fellesskap må omstille oss og skape ein attraktiv kommune. Resten av dagen gjekk ut på innlegg frå administrasjonen og gode diskusjonar for korleis få til akkurat dette.

Forsamlinga fekk også besøk av ein engasjerande representant frå HR-avdelinga i Fjord1 som fortalde om korleis dei jobbar med rekruttering. Som ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen fekk deltakarane særs gode innspel til korleis grundige rekrutteringsprosessar gir gevinstar. Det å lyse ut stillingar og ha god oppfølging med jobbsøkarar er ikkje berre ein prosess, men ein moglegheit for mellom anna omdømebygging.

Ein oppsummering av dei tankefulle innspela frå næringslivet

Eitt av hovudtemaene som vart diskutert var korleis kommunen kan bli ein endå betre dialogpartner med private næringslivet. 

Eit anna sentralt punkt handla om å tiltrekke seg ungdom med kunnskap og skape gode lokalsamfunn. Seminaret la vekt på behovet for å rette innsatsen mot 16-17-åringar, forlenga opplæring i tilknyting til næringslivet og gi dei moglegheiter som sommarjobbar og oppgåver. Dette for å inspirere ungdommane til å kome tilbake til regionen med solid kunnskap og engasjement for å bidra til vekst.

Næringslivet sitt eige ansvar vart òg diskutert, spesielt knytt til å engasjere seg meir aktivt i å tilby undervisningsløp og moglegheiter for ungdom. Bedriftene håpar at næringsselskapa (Måløy Vekst og Aksello) også tek del i dette ansvaret, men det vart påpeika at næringslivet sjølv må bli betre på denne fronten.

Utdanningssystemet i Kinn, særleg ved Måløy VGS og Florø VGS, vart løfta fram som ein viktig aktør for å forme framtidige arbeidstakarar. Det vart peika på behovet for skulestruktur som sikrar kvalitet for elevane, moderne skulebygg og ein innsats for å redusere fråfallet i læretid, noko som vil styrke næringslivet ytterlegare.

Eit anna tema som blei trekt fram i diskusjonen var behovet for å utvikle nye næringsareal. Her vart både samarbeid mellom kommune og næring, samt effektive prosessar, trekt fram som nøkkelfaktorar. Det var ein felles forståing at nytt areal til næring er i ein målkonflikt opp mot å ta vare på miljø og natur. Dette er ei utfordring som må løysast i fellesskap. 

Diskusjonen om grøn omstilling understreka viktigheita av å utnytte tilgjengeleg kraft, samtidig som behovet for meir grøn energi vart framheva. 

Seminaret avslutta med ein viktig diskusjon om utviklinga av Florø og Måløy sentrum, der behovet for langsiktige planar, urbanisering, og opplevingsbasert aktivitet vart framheva. Spørsmål om Strandgata skulle bli bilfri vart diskutert som ein potensiell løysing for å skape meir liv og aktivitet.

Næringslivsseminaret i Kinn var ein suksess, og diskusjonane som vart reist vil forhåpentlegvis føre til konkrete tiltak som gjensidig styrkar næringslivet og lokalsamfunnet, og skaper ein berekraftig framtid for regionen vår.

Næringsundersøking i Kinn og samfunnsplan

På oppdrag for Kinn kommune har Menon Economics gjennomført ein næringslivsanalyse av Kinn kommune. Dette inkluderer ein gjennomgang av næringslivet i kommunen som dekker både arbeidsmarknaden og det private næringslivet. I tillegg har Menon gjennomført ei SWOT-analyse for å vurdere kommunen sine styrkar, svakheiter, moglegheitsrom og truslar.

Les Menon si analyse av næringslivet her (PDF, 2 MB)

Ønskjer du å lese meir om samfunnsplanarbeidet kan du gjere det her.