Møte i formannskapet komande tysdagLytt til tekstenStopp avspillingFormannskapet har møte komande tysdag frå 8.15 til 15.30. Her kan du lese ei oppsummering av ulike saker som skal behandlast, og finne lenke til sakliste og direktesending.Overlevering av budsjett og økonomiplanKommunedirektøren legg fram sitt utkast til økonomiplan og handlingsprogram 2025 - 2028. Kommunelova krev at kommunen skal vedta ein fireårig økonomiplan før årsskiftet. Økonomiplanen og årsbudsjettet skal settast opp i økonomisk balanse, vere realistisk, fullstendig og oversiktleg.I tråd med kommunen sitt økonomireglement skal kommunedirektøren sitt utkast leggast fram for hovudutvala, administrasjonsutvalet, arbeidsmiljøutvalet (AMU), tilsette sine organisasjonar, eldrerådet, ungdommen sitt kommunestyre og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne til uttale.I etterkant av møtet vert kommunedirektøren sitt utkast gjort tilgjengeleg for offentlegheita.Vidare framdrift i formannskap og kommunestyreKinn formannskap vedtar sitt framlegg til økonomiplan og handlingsprogram 2025- 2028 for Kinn kommune i møte 26. november. Kinn formannskap sitt framlegg vert offentleggjort minimum 14 dagar før Kinn kommunestyre gjer endeleg vedtakKinn kommunestyre gjer endeleg vedtak om økonomiplan og handlingsprogram 2025-2028 for Kinn kommune i møte 16. desember.Omklassifisering av kommunale vegar til privateI økonomiplanen for 2024-2027 vedtok kommunestyret å starte arbeidet med å omklassifisere nokre kommunale vegar til private vegar. Det vart utarbeidd ei liste over vegar som vart berørt av vedtaket. I sommar/haust vart dette lagt ut på høyring - du kan sjå høyringssaka her - og det kom 53 innspel i høyringsrunda som vart avslutta 8. september i år. Formannskapet skal no behandle saka.Møteplan for 2025Administrasjonen legg fram forslag til politisk møteplan for 2025. Møteplanen krev mykje koordinering, slik at den samsvarer med til dømes KS og Fylkestinget sine møteplanar, og i høve til statlege frister og rapporteringsperiodar. KommuneTV Sist endra 12.11.2024 09.32