Kommunestyrevedtak (sak.nr. 126/22)
Kinn kommune legger til grunn følgjande prinsipp for omklassifisering til/frå kommunal veg:
1. Kommunen kan gjere vedtak om omklassifisering av kommunal veg til privat veg når ein eller fleire av følgjande førestnadar er oppfylt:
1.1 Vegen betjener eit befolkningsgrunnlag på 10 eller færre heilårsbustadar og som ikkje betjener offentlege anlegg og bygningar eller andre områder av allmenn interesse
1.2 Vegen er tilkomstveg til industribedrifter, gardsbruk, eller anna privat næringsverksemd
1.3 Vegen er primært nytta til jordbruksveg
1.4 Vegen er avkjørsle til enkelthus eller store bustadbygg
1.5 Vegen benyttes kun som adkomst til hytte- eller fritidsbustadbebyggelse
Administrasjonen gjennomfører en kartlegging basert på prinsippene under pkt.1.1 t.o.m. 1.5 i framlegg til vedtak.
Basert på denne kartlegginga vil kommunestyre ta stilling til videre prosess.
Som grunnprinsipp skal kommunen beholde eigedomsretten til vegarealet. Men det skal i kvar einskilde sak vurderes om eigedomsretten eller bruksretten til veggrunn, grøfter samt innretninger som anses naudsynte av trafikktryggingsomsyn og vedlikeholdsomsyn, skal overdras vederlagsfritt frå kommunen fri for hefte.
Vedtak om omklassifisering av kommunal veg til privat veg, vedtas av Kommunestyret etter handsaming i aktuelt underliggande utval og etter høyring frå berørte grunneigarar og brukerar av vegen.
2. Kommunestyret kan etter søknad gjere vedtak om overtagelse av privat veg når følgjande føresetnadar er oppfylt:
2.1 Vegen tjener som tilkomst til minst 10 bustadeiningar
2.2 Vegen tjener som tilkomst til og frå friluftsområder, offentlege anlegg og bygningar eller andre områder av almen interesse
2.3 Veglengda skal vere minst 300 meter
2.4 Vegen må ha tilknytning til anna veg som vedlikeholdast av det offentlege
2.5 Ved all overtaking gjeld kommunen sin veg-, vatn- og avløpsnorm
I regulerte strøk må i tillegg punkt 2.6 – 2.12 vere oppfylt
2.6 Vegen skal vere regulert til offentleg veg
2.7 Vegen skal tilfredstille den til einkvar tid gjeldande vegnorm
2.8 Vegen skal ha asfalt etter vegnormen
2.9 Vegen skal ha gatelys som tilfredstiller godkjent norm
2.10 Kommunedirektøren kan dispensere frå desse bestemmelsene når tilhøva tilseier det
2.11 Før overtaking finner stad, skal det avholdes synfaring og overtakingsforretning der det føres protokoll. Eventuelle manglar må vere utført før overtaking anses endeleg
2.12 Etter at vegen er overtatt, påtar kommunen seg ingen ansvar for skade på eigedom, gjerde eller andre innretningar som følgje av vanleg vedlikehold, snørydding og bortleding av overvatn frå veggrunn eller for ulempe som følgje av økt trafikk.
I uregulerte strøk bør i tillegg punkt 2.13 til 2.16 vere oppfylt.
2.13 Vegen skal tilfredstille dei til einkvar tid gjeldande vegnorm
2.14 Vegen skal frådelast og overskjøtes kommunen. Grensa skal vere minst 2. meter utanfor vegkant og minst 0,5 meter utanfor grøft, topp skjæring eller botn fylling. Kostnader med oppmåling, frådeling, samt andre offentlege gebyrer belastes søker
2.15 Vegen skal overføres kommunen vederlagsfritt og utan hefte
2.16 Dersom kommunen finner at det bør vere gjerde mot veg av omsyn til alminneleg ferdsel, kan kommunen forlange at gjerde settes opp. Gjerde som står på veggrunn flyttes til eigedomsgrense hvis kommunen forlanger dette.
Saka blir delt der prinsipp for omklassifisering fra kommunal veg til privat veg blir egen sak, og prinsipp for omklassifisering fra privat til kommunal veg blir egen sak.