Kommuneplanen sin samfunnsdel leggast fram til vedtakLytt til tekstenStopp avspillingPlanen har lagt ute til høyring i perioden 01.08.2024 – 30.09.2024. Merknadane er vedlagt og kommunestyret skal ta stilling til eventuelle endringar i planen og kan gjere endeleg vedtak. Det er gjennomført møter i Måløy og Florø, samtalegrupper i Måløy og Florø (dei som i spørjeundersøkinga melde interesse), råda som er oppnemnt i Kinn kommune, ungdommens kommunestyre, samt møte med sanitetsforeiningar.I planperioden er det betydeleg behov for omstilling. Omstillingsbehovet er m.a. knytt til korleis kommunen driv tenesteproduksjon, korleis næringslivet tilpassar seg nye tider, korleis vi reduserer forbruket og kulturforståing for endringar. Dei viktigaste grepa i denne planen er derfor knytt opp til denne utfordringa. Vi må gjere tenestene våre gode nok innanfor dei økonomiske rammene vi har og vi må sikre tilstrekkeleg og rett kompetanse. Planen omtalar mellom annaArealstrategiNæringsstrategiOmstilling i tenesteneFolketalsutviklingBy- og sentra utviklingPlanen og kommunedirektøren si innstilling ser du nedanfor. Saka viser innspela til planen frå innbyggjarane og den viser resultat av innbyggjarundersøkinga.Les kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak - kommuneplanen sin samfunnsdel (PDF, 463 kB)Les kommuneplanen sin samfunnsdel herPlanen viser korleis Kinn kommune kan jobbe for ei arealutvikling og arealstrategi som omsyntek omstilling i næringslivet og tilpassing til «det grøne skifte», men det er innarbeidd krav til dokumentasjon og tiltaket skal gje verdiskapingseffekt for at ein skal kunne ta bruk nye næringsrområder. Tilpassing til fleire eldre krev og god by- og sentra utvikling. Sentral ligg satsing på utvikling av bustader til eige og leige.Les innkomne merknadar til planen i artikkelen vi har skrive om høyringa. Publisert av Øyvind Bang-Olsen Publisert 12.11.2024 15.23 Sist endra 12.11.2024 15.27